Ole Kristian Furuseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Kristian Furuseth
Fødd 7. januar 1967
Jessheim
Yrke alpinist

Ole Kristian Furuseth (fødd 7. januar 1967) er ein norsk tidlegare alpinist frå Jessheim. Han fekk bronsemedaljen i slalåm under VM i 1991 og tok OL-sølv i same øvinga i 1998. Furuseth vann ni renn i verdscupen i alpine greiner, og sikra seg pokal som beste storslalåmrennar i verdscupen både i 1989 og 1990. Sju gongar vart han norsk meister i alpinbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Furuseth fekk sitt internasjonale gjennombrot i Adelboden i januar 1989, der han vart nummer to i eit storslalåmrenn i verdscupen. I mars same sesongen tok han sin fyrste siger i verdscupen i Furano i Japan, då han gjekk til topps i ei slalåmtevling. Slalåm stod på programmet då han elleve år seinare, i mars 2000 i Bormio, tok sin niande og siste verdscupsiger. Han vart då den fyrste skialpinist med verdscupsigrar i tre ulike tiår. Dei ni verdscupsigrane fordelte seg på tre i storslalåm og seks i slalåm. Han vann i 1989 storslalåm-delen av verdscupen 1989, delt med Pirmin Zurbriggen frå Sveits. Også sesongen etter delte han sigeren i verdscup-storslalåmen, då med Günter Mader frå Austerrike. Den sesongen kom han på andreplassen i den samla verdscupen i alpine greiner.

Under VM 1989 i Vail vart Furuseth nummer seks i slalåm og åtte i storslalåm. To år seinare tok han bronse i slalåm-tevlinga i VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm, og kom på fjerdeplass både i storslalåm og super-g. I 1992 vart det ein ny fjerdeplass i slalåm i vinter-OL 1992 i Albertville, ei plasseringa han kopierte i same øvinga under VM 1997 i Sestriere. Til sist kom ein OL-medalje då han sørgde for norsk dobbeltsiger i slalåm under vinterleikane 1998 i Nagano, Hans Petter Buraas tok ein klar siger.

Furuseth la opp som alpinist i 2002.

Han vart i 1989 tildelt Morgenbladets Gullmedalje for årets prestasjon i norsk idrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.