Ole Lützow-Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ole Lutzow-Holm)
Ole Lützow-Holm

Fødd8. august 1853
Død26. april 1936 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, prest
FarPeter Holm
BarnFinn Lützow-Holm
Alle verv

Ole Arntzen Lützow-Holm (8. august 18531936) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann frå Risør. Han var medlem av Høgre. Peter Holm var far hans.

Lützow-Holm vart student frå Aars og Voss skole i Kristiania i 1871 og cand. theol. i 1878. Han var lærar ved middelskulen på Kongsvinger 1875-76 og ved privatskular i Kristiania 1879-80. Tida 1880-92 var han sokneprest i Nesseby, 1892-1910 i Risør. Frå 1911 til -26 var han prest ved Akershus landsfengsel og ved «Landsfengslet for kvinner», dessutan var han kasserar for «Akershus stifts geistlege enkekasse». Han arbeidde mykje med misjonsarbeid for omstreifarar.

I Nesseby var han 1881-92 varaordførar og skulestyreformann, medan han i Risør var medlem av heradsstyret 1893-1910 og skulestyreformann 1894-1910.

Lützow-Holm representerte Finmarkens amtStortinget frå 1886 til 1894. Han var medlem av jarnbanekomiteen 1886-88 og av vegkomiteen 1889-94. Tida 1898-1903 var han Risør sin representant på Stortinget, heile tida medlem av budsjettkomiteen. Dessutan var han medlem av valkomiteen 1898 og 1900-03. I 1903 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av Ofotbanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957