Peter Holm
Peter Holm | |
Fødd | 31. desember 1812 Moss |
---|---|
Død | 16. april 1876 (63 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Barn | Ole Arntzen Lützow-Holm |
Peter Holm (31. desember 1812–16. april 1876) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann frå Moss. Han var far til Ole Lutzow-Holm.
Holm var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student i 1830 og cand. theol. i 1836. Frå 1840 var han lærar ved borgarskulen i Risør, tre år seinare vart han kateket i byen. Tida 1854-66 var han sokneprest i Bodø, deretter hadde han same embetet i Vinger fram til han døydde.
Holm var ordførar i Bodin 1856-58, og seinare var han ordførar i Vinger. Både medan han var i Risør, Bodø og Vinger var han forlikskommissær. Han representerte Risør på Stortinget i 1851, der han var sekretær i gasje- og pensjonskomiteen.
Han døydde i Vinger i 1876.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914