Ole Stavrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Stavrum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1940 (83 år)
Kristiansund kommune
Idrett fotball

Ole Einar Stavrum (fødd 22. mai 1940) er ein tidlegare fotballspelar frå Kristiansund som vart seriemeister 1964 med Oslo-klubben Lyn. Han fekk tilnamnet «Dukkopp» grunna si evne til å vere på rett plass framom mål og så skåre. Også sønene Ole Erik og Arild Stavrum spelte fotball på høgste nivå i Noreg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stavrum spelte på Clausenengen FK til 1960. Sommaren 1960 flytta han til Oslo og byrja studere filologi. Året etter melde han seg inn i SFk Lyn, debuterte med å skåre dei to fyrste måla då Frigg vart slått 3–1 i Hovudserien den 2. august. Åra 1961–67 skåra han 82 mål på 96 kampar. Lyn vart seriemeister i 1964, ein sesong der Stavrum skåra 18 av lagets 39 mål og vart toppskårar i 1. divisjon. Han var med då Lyn tapte NM-finalen 1966 mot Fredrikstad FK med 2 mot 3, utlikna til 2–2 i andre omgang.

I juni 1967 flytta Stavrum heim til Kristiansund og byrja spele på Clausenengen, som då hadde rykka opp i 3. divisjon. Han var toppskårar i Møre-avdelinga både i 1970 og 1971. I 1971-sesongen stod han for 15 av lagets 26 nettkjenningar i serien og syrgde slik for at klubben rykte opp i 2. divisjon for aller fyrste gong. Han var spelande trenar til 1974, då det vart nedrykk. I 1975 var han aktiv i Nordlandet, frå 1976 trente han Kristiansund Fotballklubb.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Stavrum fekk sin landslagsdebut då Noreg vann 3 – 2 over SveitsBrann stadion den 1. juli 1964, også rekkekamerat Harald Berg debuterte på landslaget då. Fram til august 1966 deltok Stavrum i 8 landskampar, skåra i 1965 mål mot Danmark på heimebane og mot Jugoslavia i Beograd, begge oppgjera enda uavgjort.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1964 med Lyn
  • Tapande NM-finalist: 1966 med Lyn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]