Harald Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Berg
Fødd 9. november 1941
Bodø
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Harald Johan Berg (fødd 9. november 1941) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bodø. Angreps- og seinare midtbanespelar Berg spelte for Bodø/Glimt, Lyn og nederlandske ADO Den Haag. Han vart noregsmeister med Lyn i 1967 og 1968 og med Bodø/Glimt i 1975,samt seriemeister med Lyn i 1968. Perioden 1964-74 spelte han 43 landskampar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Berg, med kallenamnet Dutte, debuterte for Bodø/Glimt i 1958 som midtspiss. Han var sentral då Glimt vart nord-norske meistrar i 1963 og i 1964.

Frå 1965-sesongen spelte Berg i osloklubben Lyn der han meir enn nokon annan bidrog til at Lyn fekk ein glanstid. I 1967 vann klubben cupfinalen og året etter sikra Lyn seg like så godt både seriegullet og cupgullet. Seinhaustes 1969 var Berg med på å føre Lyn til kvartfinalane i Europacupen, der det vart tap mot FC Barcelona 2-3 og 2-2. Begge kampane vart spelt i Barcelona då norske fotballbaner ved den tid var nedfrosne.

Sommaren 1970 fekk Berg kontrakt med ADO Den Haag i Nederland. Her spelte han 11. mai 1972 den nasjonale cupfinalen, ein kamp storlaget Ajax Amsterdam, med målskårarane Johan Cruijff, Gerrie Mühren og Piet Keizer i lagoppstillinga, vann 3-2.

Berg gjorde comeback for moderklubben Bodø/Glimt i 1974. Allereie i Nederland hadde han vorte plassert i offensiv midtbanerolle. Hans framifrå evner som playmaker gjorde at Glimt dei neste sesongane vart ein toppklubb i norsk fotball. Berg la opp då han runda 40 år, hausten 1981.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Berg debuterte på det norske landslaget 1. juli 1964 då Sveits vart slått 3-2 i Bergen. Gjennom 1960-talet var han jamt ein målfarleg indreløpar, etterkvart fekk han ein sentral midtbaneposisjon. Han skåra det andre målet då Noreg sensasjonelt vann 3-0 over Jugoslavia i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion 16. juni 1965. På 1970-talet fekk Berg færre sjansar på landslaget, men opptrådde i landslagsdrakta så seint som i 1974. Han spelte i alt 43 landskampar og skåra 12 mål.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Berg vart tildelt Nordland fylkes kulturpris i 1978.

Han er far til fotballspelarane Ørjan og Runar og Arild Berg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]