Ole Stuevold Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Stuevold Hansen
Ole Stuevold Hansen, sogneprest i Nes.JPG
Fødd 6. februar 1834
Tydal
Død

16. november 1919
Nes i Hedmark

Yrke prest, lærar, lokalhistorikar, politikar, forfattar

Ole Stuevold Hansen (6. februar 183416. november 1919) var ein norsk prest og lokalhistorikar.

Hansen var fødd på Vestre Stuevoll i Tydal, ei lita grend rett under Skardørene. I 1879 skreiv han Bygdefortællinger fra Tydalen, ei skildring der handlinga spelar seg ut i fjellskaret Skardøra inn ved grensa mot Sverige.

Etter først å ha teke lærareksamen ved Klæbu seminar, vart Hansen teologisk kandidat i 1870, skuleinspektør i Tromsø 1872 til 1874. Han var sokneprest i Lyngen 1874 til 1882 og sokneprest i Davik i Nordfjord 1882 til 1892, då han vart utnemnd til sokneprest i Nes i Hedmark. Her var han prest til 1911, då han fekk avskjed.

Hansen var far til juristen og politikaren Birger Stuevold-Hansen.