Ole Sverre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Sverre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1865
Fredrikstad
Død

31. januar 1952 (86 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Ektefelle Anna Sverre
Ole Sverre på Commons

Ole Andreas Sverre (7. juni 186531. januar 1952), opphavleg etternamn Olsen, var ein norsk arkitekt frå Fredrikstad. Han teikna ei rekkje signalbygg i heimbyen men framfor alt i Oslo, og meistra meir enn dei fleste arkitektar å ta del i den omfattande tekniske og stilmessige utvikling frå historismen og fram til funksjonalismen som spelte ut seg under hans lange yrkesaktive periode.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ole Andreas Olsen var son av byggmeister Erik Olsen (1831–1918) og Josefine Andrea Nicolaysen (1839–99). Han tok eksamen ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1886 og ved den tekniske høgskulen i Charlottenburg i Berlin i 1890. Mellom dette var han ssistent hos professor Hans Grisebach i Berlin 1887–88. Namneendringa av etternamnet til Sverre vart gjord i 1896.

Virke som arkitekt[endre | endre wikiteksten]

Sverre praktiserte i Oslo. Han hadde i mange år ein fremskutt plass blant arkitektane i hovudstaden, og har levert teikningar til ei lang rekkje kjende bygningar. Av verka hans kan nemnast Holmenkollens turisthotell, turnhallen i Fredrikstad, Norges landbrukshøgskule-bygg på Ås, Keisar Wilhelms jaktslott og stavkyrkje i Rominten i Aust-Preussen, det første Skimuseet på Frognerseteren, om- og nybygginga av Grand Hotel og mange større villaer og andre bygningar, blant anna skipsreiar Fred. Olsen sin villa ved Drammensveien og Halléngården på Grünerløkka. Han teikna òg storparten av det katolske Vor Frue Hospital i Oslo. Han teikna òg varehuset Steen & Strøm

Etter krigen vart Sverre fråteken retten til medlemskap i Norske arkitekters landsforbund i to år, fram til 1. januar 1948.[1] Tilsvarande straff vart gjeven til arkitektar som var medlem i det nazifiserte arkitektforbundet eller som hadde utført særleg graverande tilfelle av arbeid for okkupasjonsmakta.[2]

Ole Sverre var sportsleg interessert. I 15 år var han president i Noregs Roforbund og vart etterkvart forbundet sitt æresmedlem. Han var òg æresmedlem i Christiania Roklub og Fredrikstad Turnforening.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sverre vart tildelt Kongen sin fortjenstmedalje i gull og var innehavar av Dannebrogordenen og Nordstjerneordenen.

Han mottok Sundts premie to gonger, første gong i 1908 for Villa Fredly i Drammensveien 41, andre gong i 1912 for Drammensveien 89.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Møllerhaug, Nicholas: Stupet - Leif Grungs krig, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, Bergen 2016, s. 326, 328.
  2. Møllerhaug, Nicholas: Stupet - Leif Grungs krig, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, Bergen 2016, s. 323.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]