Vor Frue Hospital
Vor Frue Hospital | |||
![]() | |||
![]() Vor Frue Hospital 59°55′09″N 10°44′40″E / 59.919194444444°N 10.744444444444°E |
---|
Vor Frue Hospital er eit sjukehus på Hammersborg i Oslo. Det blir i dag drive av Lovisenberg Diakonale Sykehus.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei katolske St. Josephsøstrene hadde allereie drive heimesjukepleie i Oslo sidan 1879. Nokre år seinare drog forstandarinna på den tida, moder Marie Geneviève, utanlands for å setja seg inn i moderne sjukehusdrift. Då ho kom tilbake i 1883 leigde kongregasjonen ein toetasjes trevilla på Hammersborg. Dei grunnla det fyrste katolske sjukehuset i Oslo sidan reformasjonen, som blei vigsla til «Vår Frue av det hellige håp». Sjukehuset var svært lite og enkelt, bygningen var leigd og det meste av utstyret var lånt inn frå velvillige legar rundt i byen. Men allereie i desember same året hadde systrene nok pengar til å kjøpa opp eigedommen med tilstøytande bygningar i Akersveien 9 og 13, og hadde no kapasitet til å ta imot tolv pasientar. Sjukehuset voks raskt, og etter kort tid kunne systrene reisa ein murbygning i tre etasjar med operasjonssal og det heile, ved sida av den gamle trevillaen. Bygningen blei oppført i 1896 etter teikningar av arkitekt Ole Sverre. Sjukehuset hadde med det fått den fyrste kirurgiske avdelinga si. I november og desember 1886 kjøpte nonnene også eigedommane Akersveien 7 og Akersveien 11, og i februar 1900 blei alle eigedommane slått saman til éi tomt, som fekk adressa Ullevålsveien 2

Nonnene blei svært populære blant befolkninga i byen, og var kjende for den profesjonalle behandlinga si. Mange legar tilrådde pasientane sine til Vor Frue Hospital. Systrene tilbaud dessutan gratis behandling til dei fattigaste pasientane. Ganske snart måtte sjukehuset byggjast ut på nytt på grunn av den store pågangen, og i 1923 blei grunnsteinen til den nye fløya mot Ullevålsveien lagt ned. Dermed fekk sjukehuset fleire moderne operasjonsstover, røntgenapparat og fleire sengeplassar. I den nye fløya blei det også innreidd eit kapell, som blei vigsla av biskop Johannes Olav Smit i 1926. Året etter stod den nye fløya ferdig, og ein kunne endeleg byrja å tenkja på å byggja nye bustader for nonnene. Ein lét derfor riva dei gamle trehusa mot Akersveien, og eit par år seinare blei det bygd opp ein ny fløy i mur. Både den nye sjukehusfløya og systerbustadene var teikna av arkitekt Ole Sverre. Etter kvart hadde det blitt eit ganske komplett sjukehus, som i tillegg til ei kombinert fødeavdeling og gynekologisk avdeling også hadde både medisinsk, kirurgisk og radiologisk avdeling. Systrene oppretta dessutan ein nevrologisk klinikk på Grefsen, men denne hadde inga offisiell tilknyting til Vor Frue hospital.
Med tida blei det også oppretta ein katolsk sjukepleiarskule i tilknyting til sjukehuset. Vor Frue sjukepleiarskule utdanna både nonner og sivile sjukepleiarar.
Tida som kommunalt sjukehus og nedlegging
[endre | endre wikiteksten]Den katolske kyrkja i Noreg hadde fått mange nonner frå utlandet, i tillegg til mange lokale systrer, trass i den beskjedne storleiken på kyrkja i landet. På det meste arbeidde det over 250 St. Josef-systrer i landet. Men med tida, og spesielt i kjølvatnet av det andre vatikankonsilet, blei det færre kall. Talet på nonner sokk, og mange av dei byrja å bli gamle, slik at dei ikkje lenger var i stand til å bemanna dei mange institusjonane dei hadde oppretta over heile landet. Mange institusjonar blei selde til det offentlege, og i 1979 hadde turen kome til Vor Frue hospital. Sjukehuset blei selt til Oslo kommune, som dreiv det som ei underavdeling av Aker sykehus fram til 1990. Deretter blei sjukehuset nedlagt.
Gjenoppretting og fusjon med Lovisenberg
[endre | endre wikiteksten]I 1990-åra blei den psykiatriske verksemda for Lovisenberg sjukehus og Diakonhjemmet Sykehus drifta av Etat for psykiatri, som var ein kommunal etat. I 1995 blei bygningen igjen teken i bruk som sjukehus, då Etaten gjorde om Vor Frue hospital til eit psykiatrisk sjukehus. Dei to private sjukehusa overtok seinare ansvaret for den kommunale etaten, og i 1998 blei Vor Frue hospital lagt inn under Lovisenberg. Vor Frue hospital husar i dag Poliklinikk Grünerløkka og Seksjon for gruppebehandling under Senter for psykisk helse og rus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vor Frue Hospital» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vor Frue Hospital i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren