Ole Veseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Veseth
Fødd 30. juli 1846
Haus
Død

7. september 1907

Yrke bonde, politikar

Ole Johannesson Veseth (30. juli 18467. september 1907) var ein norsk skulemann og gardbrukar frå Haus i Hordaland. Johannes Olsson Veset var far hans.

Veseth vart i 1867 seminarist frå Stord. Dei to neste åra var han huslærar, deretter tre år lærar i offentleg skule, til sist to år lærar i privat skule i hovudstaden. Åra 1874-78 styrar ved Svend Foyns private borgarskule i Tønsberg. Frå 1878 var han gardbrukar på farsgarden i Haus.

Veseth var medlem av heradsstyret i Haus frå 1880, ordførar 1884-1904. Forlikskommissær 1884-1905, og ei rekke kommunale verv.

Veseth var 2. representant frå Søndre Bergenhus til Stortinget perioden 1889-91. Valbolken 1895-97 møtte han i 1895 i staden for Baard Haugland frå 1. juli og resten av valperioden. Han var medlem 1889-91 av kyrkjekomiteen, 1895 av sosialkomiteen, 1896-97 av Lagtinget og budsjettkomiteen.

Veseth døydde ugift på Mjelde i Haus i 1907.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914