Ole Wilhelm Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Wilhelm Lund
No-nb bldsa 1c202.jpg
Fødd5. august 1848
FødestadHorten
Død29. mars 1915
DødsstadKristiania

Ole Wilhelm Lund (5. august 184829. mars 1915) var ein norsk offiser og ingeniør, fødd i Horten. Han var son til Bernt og Hedevig Lund og far til Diderich H. Lund.

Etter Lund i 1866 hadde gjennomført ein glitrande eksamen ved Hartvig Nissen sin privatskule i Kristiania, gjorde han teneste i Garden og gjekk ut av Krigsskulen i 1870. Sidan var han 1872-80 jarnbaneingeniør i staten, då vide kjend for å ha leia den fyrste oppmålinga av høgfjellsstrekninga på Bergensbanen. Åra 1883-89 var han lokal direktør for eit engelsk selskap som hadde konsesjon på bygginga av Ofotbanen. Seinare deltok han i bygginga av Sulitjelmabanen og i utskipingskaien for jarnmalm i Narvik. 1891-96 var han arbeidsstyrar i kanalstellet.

Lund gjekk ut av det militære som oberstløytnant. Etter den tid var han engasjert i mange ulike anlegg knytt til jarnbane, vasskraftutbygging og kaibygging. Han var også utanlands, både på studiereiser og som planleggjar. Mellom anna såg han på kva som måtte til skulle det byggjast ein jarnbane frå Mexico-byen til Stillehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]