Olga Kaniskina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Kaniskina


Statsborgarskap Russland
Fødd 19. januar 1985 (39 år)
Napolnaja Tavla
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Venskapsordenen

Olga Nikolajevna Kaniskina (fødd 19. januar 1985) er ein russisk friidrettsutøvar frå Mordvina som i 2007 vart verdsmeister og i 2008 olympisk meister i 20 km kappgang. Ho vann også same distansen ved VM 2009, EM 2010 og VM 2011, dessutan vart ho tildelt sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 2012, alle desse fire medaljane vart i 2015 annullerte av Det internasjonale friidrettsforbundet.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaniskina kneip sølvmedaljen ved friidretts-EM 2006 i Göteborg, to sekundar fram Elisa Rigaudo frå Italia som gjekk inn til bronse. Året etter vann ho kappgangen ved VM 2007 i Osaka, vel halvminuttet framom dei to andre medaljevinnarane. Under dei olympiske sommarleikane 2008 tok Kaniskina gullmedaljen, 36 sekundar framom Kjersti Plätzer frå Noreg.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Både ved VM 2009, EM 2010 og VM 2011 gjekk Kaniskina fyrst i mål i 20 km kappgang. Under Sommar-OL 2012 leia ho heilt til oppløpet, men stivna og vart slått av landskvinna Jelena Lasjmanova med to sekundar. Med grunnlag i uvanleg store endringar i hennar såkalla biologiske pass, vart ho i 2015 og 2016 frådømt alle plasseringane oppnådd i tida etter 15. juli 2009. Gjennom den tida ho vart dømd for å ha vore dopa, sanka Kaniskina 135 000 US-dollar i premiepengar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]