Oljepalmeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oljepalmeslekta
Elaeis guineensis0.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Slekt: Oljepalmeslekta Elaeis
Jacq.

Oljepalmeslekta (Elaeis, frå gresk for 'olje') er ei planteslekt i palmefamilien som omfattar to artar. Trea i slekta blir brukt til å produsera palmeolje. Afrikansk oljepalme Elaeis guineensis (artsnamnet guineensis viser til landet det stammar frå) er hovudkjelda til palmeolje. Arten kjem frå Vest- og Sørvest-Afrika, og finst mellom Angola og Gambia. Amerikansk oljepalme Elaeis oleifera (frå latin oleifer, 'oljelagande')[1] stammar frå tropis Mellom- og Sør-Amerika,[2] og blir brukt i dette området til å produsera olje.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Mogne og umogne frukter på afrikansk oljepalmetre i Ghana.

Utvaksne palmar har ein enkel stamme, og kan bli over 20 meter høge. Lauvet er parflika og blir rundt 3-5 meter lange. Blomane dannar tette klumpar; kvar enkelt blome er liten, med tre kronblad og tre begerblad. Palmefrukta er raudleg, omtrent på storleik med ei stor plomme, og veks i store klynger. Kvar frukt har ein oljete, tjukt ytterlag (perikarp), og eitt frø (palmekjerna), som også er rik på olje.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Amerikanske oljepalmetre i Chiapas i Mexico.

Dei to artane, E. guineensis og E. oleifera, kan danna fertile hybridar. Ein har sekvensert genomet til E. guineensis, noko som kan gjera det lettare å avla fram forbetra jordbruksplantar.[3]

Bilde Vitskapleg namn Norsk namn Utbreiing
Elaeis guineensis Jacq. Afrikansk oljepalme Vest- og Sørvest-Africa, særleg området mellom Angola og Gambia
Elaeis oleifera (Kunth) Cortés Amerikansk oljepalme Sør- og Mellom-Amerika frå Honduras til nord i Brazsl

Kommersiell dyrking[endre | endre wikiteksten]

Menneske har brukt palmeolje i Vest-Afrika i kanskje så mykje som 5000 år. På 1800-talet oppdaga arkeologar også slik olje i Abydos i Egypt frå 3000 f.Kr.[4]

Sidan palmolje inneheld meir metta feitt enn andre vanlege planteoljer, kan ho brukast til hard frityrsteiking utan å oksidera.[5] Olja inneheld ikkje transfeitt, og bruken av olja i mat har auka etter innføring av reglar om å merka mat med transfeittinnhaldi. Olje frå Elaeis guineensis blir også brukt til biodrivstoff.

Elaeis guineensis blir no dyrka i ei rekkje tropiske land utanfor Afrika, særleg i Malaysia og Indonesia, som til saman produserer det meste av palmeolja i verda, rundt 90 %. Plantasjar der ein dyrkar oljepalmar kan føra til avskoging, ofte av regnskog med stort biologisk mangfald, auka utslepp av drivhusgass og negative innverknadar på lokalsamfunn.[6] Palmeolje er derfor eit kontroversielt produkt.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gledhill, David (2008). The Name of Plants (4 utg.). Cambridge: University Press. s. 279. 
  2. Collins Guide to Tropical Plants, ISBN 0-00-219112-1
  3. Singh, R.; Ong-Abdullah, M.; Low, E.-T.L.; Manaf, M.A.A.; Rosli, R.; Nookiah, R.; Ooi, L.C.-L.; Ooi, S.-E.; Chan, K.-L. (2013). «Oil palm genome sequence reveals divergence of interfertile species in Old and New worlds». Nature 500 (7462): 335–339. PMC 3929164. PMID 23883927. doi:10.1038/nature12309. 
  4. Kiple, Kenneth F.; Conee Ornelas, Kriemhild, red. (2000). The Cambridge World History of Food. Cambridge University Press. ISBN 0521402166. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 30. august 2012. 
  5. De Marco, Elena; Savarese, Maria; Parisini, Cristina; Battimo, Ilaria; Falco, Salvatore; Sacchi, Raffaele (2007). «Frying performance of a sunflower/palm oil blend in comparison with pure palm oil». European Journal of Lipid Science and Technology 109 (3): 237–246. doi:10.1002/ejlt.200600192. 
  6. «Palm Oil Plantations Are Blamed For Many Evils. But Change Is Coming». NPR.org (på engelsk). Henta 19. juli 2017. 
  7. «Why palm oil is so controversial». The Independent. 24. august 2018.