Ombudsmannen for sivile vernepliktige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ombudsmannen for sivile vernepliktige er ein statleg ombudsmann for saker knytt til utføring av sivil verneplikt. Ombudsmannen har tilsyn med siviltenesteforvaltinga, og tek imot klager som måtte koma på denne. Den som har denne tittelen er leiar for Ombudsmannsnemnda, ei gruppe med sju medlemmer oppnemnd av Stortinget for fire år om gongen. Nemnda handsamer saker knytt til generelle og prinsipielle spørsmål.

Ombudsmannsordninga blei laga til i 1956 som svar på ombudsmannen for vernepliktige som blei innført i 1952.

Enkeltpersonar og tillitsmenn kan ta opp saker med Ombudsmannen. Denne har inga eiga mynde, men kan be forvaltinga om å retta «feil, forsømmelser og skjevheter».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]