Ophrys fuciflora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ophrys fuciflora

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Ophrys
Art: O. fuciflora
Vitskapleg namn
Ophrys fuciflora
(F.W.Schmidt) Moench
Økologi
Habitat: kalkrik eng
Utbreiing: Europa

Ophrys fuciflora er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.

Arten er av somme kjelder skildra som O. holosericea.[1][2][3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

O. fuciflora (engelsk namn late spider orchid) lever på Dei britiske øyane berre heilt søraust i England.[4] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[5] til liks med lokalt i England.[6]

Arten er registrert frå Estland med eit herbariebelegg, men det er uvisst om dette verkeleg skriv seg frå Estland. I så fall er arten rekna som regionalt utdøydd (RE).[7]

I Benelux er arten (nederlandsk namn hommelorchis, fransk namn ophrys bourdon) ikkje registrert med nylige funn i Nederland. I Belgia finst han truleg heller ikkje i Flandern, men i Vallonia har han nokre få funnstader i Ardennane og [Maas]]-området.[8][9] Arten er ikkje oppført i den nederlandske raudlista. I Belgia er han heller ikkje i på raudlista i Flandern, men er rekna som sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[10][11] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[12]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

I England er det påvist at Ophrys fuciflora kan danne hybridar med biblom (Ophrys apifera × fuciflora eller Ophrys ×albertiana)[13] og med Ophrys sphegodes (Ophrys fuciflora × sphegodes eller Ophrys ×arachnitiformis).[14] Båe er registrerte i Kent.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «PoWO: Ophrys holosericea». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  2. Werner Greuter (2008). «On the correct name of the Late Spider Orchid, and its appropriate spelling: Ophrys holosericea». Journal Europäischer Orchideen 40 (4): 657–662. ISSN 0945-7909. 
  3. Leslie Lewis & Karel C.A.J. Kreutz (2022). «On the correct name of Late Spider Orchid Ophrys holosericea and its typification». Journal Europäischer Orchideen 54 (3–4): 329–348. ISSN 0945-7909. 
  4. 4,0 4,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  5. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  6. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  7. «eElurikkus: Ophrys fuciflora» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  8. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Ophrys holosericea». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  9. «Verspreidingskaart: Hommelorchis – Ophrys holosericea». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024. 
  10. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  11. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  12. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  13. «PoWO: Ophrys × albertiana». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  14. «PoWO: Ophrys × arachnitiformis». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]