Flugeblomslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flugeblomslekta


Flugeblom
Flugeblom

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Ophrys
Artar i Noreg
Vitskapleg namn
Ophrys
Økologi
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Flugeblomslekta (Ophrys) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

På verdsbasis har flugeblomslekta mange artar, men det er stor usemje om kor mange og om korleis ein skal gruppere dei i artar og underartar.[2] Ulike klassifiseringar opererer med frå nokre titals til fleire hundre artar, og i tillegg kjem ei stor mengd hybridar.[3][4] Berre ein art, flugeblom, er representert i Noreg. Han var òg den einaste i Norden, men i 2004 vart ein ny art, biblom, funne i Danmark, der arten ser ut til å ha etablert seg på fleire lokalitetar.[5] Han er no òg funne i Sverige.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ophrys kjem frå det gammalgreske substantivet ófrys (ὀφρύς), som tyder augebryn.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:[6]

Arten er teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[7]

I tillegg er det ein ny art i Sverige og Danmark:

  • biblom (Ophrys apifera), i Sverige (ikkje raudlistevurdert)[8] og Danmark (VU)[9]

På Dei britiske øyane veks òg:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Flugeblomslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  2. D.S. Devey mfl. (2008). «Friends or relatives? Phylogenetics and species delimitation in the controversial European orchid genus Ophrys». Annals of Botany. 101 (3): 385–402. ISSN 1095-8290. doi:10.1093/aob/mcm299. 
  3. «PoWO: Ophrys». Plants of the World Online. Henta 27. februar 2022. 
  4. «AOS: Ophrys». American Orchid Society. Henta 27. februar 2022. 
  5. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  6. «Artsdatabanken: Namnetre flugeblomslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  7. «Raudlista 2021: Flugeblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2022. 
  8. «Artfakta: Ophrys apifera biblomster». Artdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  9. «Naturbasen: Biblomst Ophrys apifera». Naturbasen. Henta 27. februar 2022. 
  10. 10,0 10,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. 11,0 11,1 «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]