Oppstanden mot vassprivatiseringa i Cochabamba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oppstanden mot vassprivatiseringa i Cochabamba refererer til ein serie av protestar frå folkesetnaden i Cochabamba i Bolivia mot privatiseringa av vassleveransane til byen tidleg i år 2000. Oppstanden kulminerte den 6.-7. februar med ein demonstrasjon som samla fleire hundretusen menneske. Han starta fredeleg, men utvikla seg til ein kamp mot militære styrkar og politiet som nytta tåregass mot demonstrantane. Seks menneske vart drepne, 175 såra, av dei vart to barn blinde. Saka fekk ei avgjersle den 10. april med ei semje mellom regjeringa og demonstrantane som slo fast at privatiseringa skulle gjerast ugyldig.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mangelfull dekking og kvalitet på vassleveransane med mistanke om korrupsjon i det offentlege vassverket er det som best skildrar den generelle vassforsyningssituasjonen i Cochabamba på 1990-talet[treng kjelde]. Opptakten til striden om privatisering av vassleveransane kom med initiativ frå regjeringa i Bolivia til Verdsbanken om å hjelpe til med å finansiere eit betre vassforsyningssystem. Verdsbanken sette som krav at styresmakta først måtte selje vassforsyninga til eit privat føretak. Berre engelske International Waters Ltd., eit dotterselskap av USA-amerikanske Bechtel Corporation med det lokale selskapet Aguas de Tunari, gav bod på vassforsyninga. I 1999 kjøpte dei rettar til, eventuelt òg infrastrukturen for vassforsyninga for mindre enn USD 20 000 og fekk garanti frå regjeringa om minimum 16 % avkasting på investeringa. Verdsbanken knytte fleire vilkår til stønaden: Regjeringa fekk forbod mot å subsidiere vasskostnadar, alt vassbruk i landet, også frå private brønnar og sisterner måtte lisensierast, med andre ord skulle alle innbyggarar gjere opp for alt vassbruk jamvel om private huseigarar og gardar var sjølvforsynte.

Demonstrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Demonstrasjonane braut ut ei veke etter at Aguas de Tunari tok over vassleveransane. Verksemda la eit stort påslag på vassavgifta for å finansiere eit damprosjekt. Huseigarar vart råka av vassrekningar på over 20 amerikanske dollar, noko som er relativt mykje i eit land der minimumsløna er under 70 dollar i månaden. Midt i januar sette innbyggjarane i verk ein generalstreik, leia av ein ny allianse mellom arbeidarrørsla, menneskerettsorganisasjonar og lokale samfunnsleiarar. Regjeringa vart då tvungen til å sette seg ved forhandlingsbordet og gjekk med på å sette prisane attende og innan to veker gjere ferdig ein detaljert avtale slik at streiken stogga.

For å presse fram ei avgjerd starta den store fredelege demonstrasjonen den 5. februar som skulle ende i ein tragedie. President Hugo Banzer — diktator i Bolivia i det meste av 1970-talet — starta igjen med vald som undertrykkingsmiddel. Styrkane hans brukte tåregass i to døgn med resultatet seks drepne og 175 skadde.

Innbyggjarane i Cochabamba ville ikkje gje opp motstanden mot det nye vassregimet. I ei undersøking blant 60 000 innbyggjarar sa 90 % at Aguas de Tunari måtte ut av byen og at dei måtte setje vassystemet attende under offentleg kontroll. Protestantar peika òg på eit døme frå Buenos Aires for å visa kvifor dei meinte at privatisering var gale. Der var vassforsyninga privatisert med resultatet 7 500 sparka arbeidarar og prisaukingar. Ny generalstreik braut ut 4. april i Cochabamba.

Fjerde dagen med demonstrasjonar erklærte regjeringa militær unntakstilstand. Politiet arresterte leiarane for demonstasjonane, tok dei på senga midt på natta, tok ned radiosendingane og soldatane tok kontroll over gatene. Den 8. april skaut personell den 17 år gamle Víctor Hugo Daza i ansiktet slik at han vart drepen. IWL-talsmenn påstod at protestane var opprør sett i scene av kokainprodusentar som eit ledd i kampen mot kokautrydding.

10. april gjorde regjeringa til slutt innrømmingar, og signerte på å innfri alle krav frå protestantane. Etter det har Bechtel Corporation freista å saksøkje den bolivianske staten for å få tilbake for investeringane.

I ettertid[endre | endre wikiteksten]

Etter det Frederik Segerfeldt skriv, er det framleis slik at dei fattige i Cochabamba betaler ti gonger meir for vatnet enn dei rike og at dei indirekte subsidierer dei velståande i samfunnet. I dag er vatnet tilgjengeleg berre fire timar om dagen og nye hus vert ikkje kopla til vassforsyningsnettverket.

Cochabamba-oppstanden i 2000 er skildra av den bolivianske sosialleiaren Oscar Olivera som deltok i opprøret i boka Cochabamba! Water Rebellion in Bolivia.[1] Protestane er òg skildra i dokumentaren The Corporation.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]