Orbina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orbina
MedlemmerLeif Isak Eide, Roger Ludviksen, Bjørn Ole Rasch

Orbina var ei samisk musikkgruppe starta i Kautokeino i 1991.[1] Dei var kjende for å kombinere joik med moderne arrangement og lydbilete.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Orbina vart starta av Leif Isak Eide (vokal), Roger Ludviksen (gitar og vokal) og Bjørn Ole Rasch (tangentar) i Kautokeino i 1991. Eide og Ludviksen, båe frå Kautokeino, hadde tidlegare spela saman i eit danseband dei starta i 1978 kalla Captain Morgan.[2][3] Dei fann saman med Rasch frå Kristiansand, som på den tida var musikkstudent.

I november 1993 gav dei ut det fyrste albumet sitt, Orbina, på selskapet Iđut. Eide hadde på førehand brukt mykje tid på å samle joikar, med god hjelp av Inga Juuso, som òg var med på tre låtar på plata.[4] Tittelsporet «Orbina» steig raskt på listene og låg tolv veker på topp ti på hitlista Ti i skuddet, fire av dei som nummer éin.[5][6]

I denne tida hadde dei òg nokre konsertar, og opptredde mellom anna på Riddu Riđđu i 1995.[7]

Gruppa søkte om stønad frå Samisk Kulturråd til å gjeva ut ei ny plate både i 1995 og 1996, men fekk avslag då rådet ikkje meinte musikken heldt god nok kvalitet.[8] Sametingsrådet gjorde etter kvart om på avgjersla[9], men det skulle ta mange år før resultatet var klart. Etter 1996 hadde gruppa ingen opptredenar før i 2002, då gruppa spela på haustfestivalen i Kautokeino.[10]

Same året kom plata Orbina II. Besetninga var endra noko sidan førre album. Gitarist Roger Ludviksen hadde forlate gruppa og blitt erstatta av Klemet Anders Buljo, og Inga Juuso var no med i gruppa på vokal. På andreplata samarbeidde dei òg med Svein Schultz på bass, Rune Arnesen på trommer og Hans Fredrik Jakobsen på fløyte og sekkepipe.[5]

I 2003 kunne ein òg oppleva Orbina på scena att. Dei spela mellom anna på påskefestivalen i Kautokeino[11] og på RIddu Riđđu.[12]

Etter dette har gruppa berre opptredd sporadisk, sist under påskefestivalen i Kautokeino i 2009.[13][14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Orbina (1993)
  • Orbina II (2002)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Orbina», www.bjornolerasch.com, arkivert frå originalen 12. juni 2021, henta 22. november 2022 
  2. Berg, Arne (19. november 1993). «Foreldreløse?». Puls (14): 6. 
  3. Vars, Elle Márjá. (4.11.1993). Váimmus bođii ja váimmus vulggii. Áššu, s. 6–7.
  4. Gaup, Berit Solveig. (3.11.1993). Orbina skearru viimmat buvddain. Min Áigi, s. 5.
  5. 5,0 5,1 «Press room», kautokeino.com/orbina, arkivert frå originalen 15. juni 2007, henta 22. november 2022 
  6. «Ti i skuddet lister 1994-1995», www.musikalske.net, henta 22. november 2022 
  7. Olsen, Torun. (25.7.1995). Jazz, joik, regn og grillmat. Framtid i nord, s. 8.
  8. Mæstad, Kjartan. (1.3.1997). Orbina får ikke støtte. Altaposten, s. 8
  9. Larsen, Dan Robert. (21.3.1997). Orbinai liikká doarjja. Min Áigi, s. 10.
  10. Utsi, Inger Elin. (29.8.2002). Comeback etter seks år. Altaposten, s. 24.
  11. Gaup, Berit Solveig. (4.4.2003). Orbina, Jiella & Per Tor Turi. Påskefestivalen i Kautokeino 2003 (Áššu).
  12. Utsi, Inger Elin. (23.7.2003). Joik både dag og natt. Altaposten, s. 12–13.
  13. Olsen, Lars Richard. (5. februar 2009). Helsamisk påskefest. Altaposten, s. 16.
  14. Utsi, Inger Elin. (14.4.2009). Suksess for musikkfestivalen. Altaposten, s. 24–25.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]