Bjørn Ole Rasch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Ole Rasch

Fødd28. juli 1959 (64 år)
FødestadHamar kommune
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk
Instrumentpiano
PlateselskapGrappa
Verka sommusikar, komponist, professor, pianist, musikkforskar

Bjørn Ole Rasch (fødd 28. juli 1959 på Hamar) er ein norsk musikar (keyboard, tangentinstrument), arrangør, komponist og produsent. Han er kjend frå gruppene Bukkene Bruse og Secret Garden og har samarbeidd med ei lang rekkje musikarar. Rasch er professor i rytmisk musikk ved Universitetet i Agder, og er busett i Kongshavn utanfor Kristiansand [1] med sambuaren Annbjørg Lien.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Ole Rasch tok til å spela piano som sjuåring, og lærte mykje pianospel frå mor si. Han vart undervist i klassisk musikk i åtte år før han kjøpte sin fyrste synthesizer og vart meir interessert i arrangering og komposisjon. 19 år gamal komponerte han musikken til ei teaterframføring av folkeeventyret «Manndottera og kjerringdottera», og han heldt fram med å komponera teatermusikk nokre år etter dette, m.a. 3 ballettar og ei teateroppsetjing av Hobbiten.

Rundt 1981 vart han med i progrock-bandet Boys Voice, som bestod av konservatorieelevar frå Kristiansand. Bandet gav ut singelen «20 Golden Lies» i 1984, før dei gav ut albumet Talking to the Moon året etter.[2] Samtidig var han med i jazzgruppa EtCetera frå Molde, som også gav ut plate i 1985. Bjørn Ole Rasch tok no til å studera ved Musikkonservatoriet i Kristiansand.

Mange prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Rasch vart no ein godt kjend musikar, og han fekk mange oppdrag med ei rekkje ulike norske artistar medan han studerte ved konservatoriet. Han spelte med både Tor Endresen, Sigvart Dagsland, Jahn Teigen, Jørn Hoel, Tor Endresen og Finn Kalvik. I 1988 fekk han eit solooppdrag med Oslo-filharmonien i eit symfonisk dikt av Kjell Rasmussen, skrive for synth og el-gitar. Snart vart han også kjend i utlandet, og han turnerte med Randy Crawford frå USA og spelte inn musikk med irske The Chieftains. I avslutningsperioden av musikkutdanninga si reiste Rasch til Kautokeino der trioen Orbina vart danna saman med Leif Isak Eide og Roger Ludviksen. Orbina gav ut ei plate med same namn i 1992, og ei oppfylgjarplate, Orbina II, i 2002. Rasch jobba også med Sissel Kyrkjebø og musikkgruppa Lava i tida opp mot vinter-OL 1994Lillehammer, og bidrog på suksessplata Innerst i sjelen. [3]

Secret Garden og Bukkene Bruse[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 2002 har Bjørn Ole Rasch vore professor ved Universitetet i Agder. Han vidareutdanna seg innan musikk og tok ein mastergrad i rytmisk musikk ved Universitetet i København. I 1995 starta han eit samarbeid med det nyoppstarta irsk/norske Secret Garden, kjend som norske Eurovision-vinnarar med «Nocturne». Rasch har vore musikalsk involvert i alle platene gruppa har gjeve ut også etter dette. Av andre artistar Rasch har jobba med, kan nemnast Hanne Boel, Jose Carreras, Sinead O´Connor, Lisa Nilsson, og Sondre Bratland.[4]

Bjørn Ole Rasch var produsent og arrangør og dels komponist på Annbjørg Lien sitt album Prisme frå 1996. Lien var eitt av medlemmene i folkemusikktrioen Bukkene Bruse, der Rasch vart det fjerde medlemmet frå og med 1997. Sidan dette har Bukkene Bruse gjeve ut tre album; det siste live-plata Spel frå 2004. Bjørn Ole Rasch og Annbjørg Lien er i dag sambuarar, og Rasch har vore med i ulike musikalske roller på dei fleste platene hennar sidan. Oftast har dei vore utgjevne under Annbjørg Lien sitt namn, men unntaket er Come Home frå 2009.[5] Dei fleste av Rasch og Lien sine plater har vore norsk folkemusikk med impulsar frå såkalla verdsmusikk. Saman har dei også komponert musikken til barnefilmen Valo (2005) samt til musikalen EMMA, som vart framført sommaren 2005. I 2009 gav han ut boka Analog syntese : den analoge synthesizer og andre spenningstyrte instrumenters utvikling og konstruksjon satt i et historisk og teknologisk perspektiv.[6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]