Organisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Organismar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein amøbe er ein eincella eukaryot
Phyllobius calcaratus, ei snutebille, på eit strå.
Foto: Richard Bartz

Ein organisme (frå gresk: ὄργανον (organon) 'instrument') er eit levande vesen. Han er eit individ av eller ein representant for ein biologisk art. Ein organisme har normalt eit stoffskifte i minst eitt av dei biologiske utviklingstrinna sine.

Det finst både eincella og fleircella organismar. Til dei sistnemnde høyrer til dømes dyr, planter og sopp.

Eincella organismar kan vera anten prokaryotar eller eukaryotar. Prokaryotar er delte inn i domena arkebakteriar og bakteriar. Eukaryote organiar kan også vera fleircella. Cellene deira er kjenneteikna av ei cellekjerne omslutta av ein membran og andre celledelar, kalla organeller, som også er omslutta av membranar (som mitokondrium i dyr og plantar og plastidar i plantar og algar, alle generelt rekna å stamma frå symbiogenese med bakteriar).[1] Dyr, plantar og sopp er rekna som rike av organismar innan eukaryotane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cavalier-Smith T. (1987). «The origin of eukaryotic and archaebacterial cells». Annals of the New York Academy of Sciences 503 (1): 17–54. Bibcode:1987NYASA.503...17C. PMID 3113314. doi:10.1111/j.1749-6632.1987.tb40596.x. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.