Orihuela
Orihuela | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Valencia | ||
Provins | Alicante | ||
Høgd | 24 m | ||
Areal | 365,44 km² | ||
Folketal | 83 720 (2024) | ||
Postnummer | 03300 | ||
![]() Orihuela 38°05′08″N 0°56′49″W / 38.085555555556°N 0.94694444444444°W | |||
Wikimedia Commons: Orihuela |
Orihuela (spansk) eller Oriola (valenciansk) er ein by og ein kommune i provinsen Alicante i Spania. Byen Orihuela har kring 35 000 innbyggjarar, medan kommunen har kring 85 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs kysten av Middelhavet, vest for Torrevieja. I kommunne ligg òg turistsenteret (urbanizacion turistica) Dehesa de Campoamor med kring 20 000 innbyggjarar, samt eit par andre landsbyar.[1]
Elva Segura renn gjennom byen. Byen var busett av romarane, som kalla han Orcelis og seinare Aurariola.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Orihuela er hovudstaden i regionen «Vega Baja del Segura» (naturregionen rundt Segura). Han har òg vore hovudstad i ein provins og eit kongedøme. Byen vart den første med bystatus i provinsen Alicante 11. september 1437.
I 576 var byen hovudstad i den vestgotiske provinsen Aurariola, som har gjeve namn til byen. I 713 erklærte soldaten og greven Teodomiro seg sjølv konge av Tudmir.
I 825 vart Kongedømet Tudmir eit sjølvstendig kongedøme under umayyadane og hovudstaden vart flytta til Murcia. I 910 vart kongedømet Tudmir gjeve til emiratet Cordova. I 1053 vart fyrstedømet Murcia skapt som ein del av kongedømet Denia. I 1086 vart fyrstedømet Murcia sjølvstendig frå Denia. I 1212 vart området ein del av kongedømet Murcia.
I 1304 var Orihuela ein grenseby mellom kongedøma Castilla og Aragón. I 1366 kom han under Kongedømet Valencia.
I 1437 fekk han bystatus og i 1707 gjorde Karl V av Det tysk-romerske riket han til hovudstad i provinsen Orihuela. I 1737 vart Alicante, Elche, Monforte, Jijona, Villajoyosa, Agost, Busot, San Juan eller Muchamiel sjølvstendige frå provinsen Orihuela, og danna Alicante.
I 1799 vart òg Orihuela ein del av provinsen Alicante. I 1810 gjorde Napoleon Orihuela til ein del av departementet Segura der Murcia var hovudstad. Orihuela vart ein del av provinsen Murcia i 1822, og i 1833 vart han igjen ein del av provinsen Alicante.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Orihuela» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: