Torrevieja
| Torrevieja | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Valencia | ||
| Provins | Alicante | ||
| Høgd | 7 m | ||
| Areal | 71,44 km² | ||
| Folketal | 94 803 (2024) | ||
| Postnummer | 03181–03188 | ||
| Retningsnummer | 965 og 966 | ||
![]() Torrevieja 37°58′40″N 0°41′00″W / 37.977777777778°N 0.68333333333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Torrevieja | |||
Torrevieja (spansk) eller Torrevella (valenciansk) er ein kystby og kommune på Costa Blanca i provinsen Alicante søraust i Spania.
Torrevieja ligg om lag 50 km sør for byen Alicante og har kring 100 000 innbyggjarar. Mange utlendingar bur i byen, men er ikkje registrert her. Torrivieja var opphavleg ein saltgruve- og fiskelandsby som låg mellom havet og to store saltsjøar (Las Salinas).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fram til 1802 fanst berre Torrevieja som eit gammalt vakttårn, som gav byen namnet sitt (torre og vieja tyder 'gammalt tårn' på spansk) og nokre arbeidshytter. I 1803 autoriserte Karl IV flyttinga av saltgruver frå La Mata til byen og fekk bygd fleire bustadhus her. I 1829 vart byen fullstendig øydelagd av eit jordskjelv, men vart raskt bygd opp at og gruvene opna på ny. I denne perioden var det òg marknad for lin, hamp og bomull.
På 1800-talet vart salt hovudsakleg frakta frå byen med svenske og nederlandske skip. På denne tida vart det berre avgrensa saltbehov i andre regionar av Spania. På byrjinga av 1900-talet vart derimot ein fjerdedel av saltet frå Torrevieja seld i Spania, medan resten vart eksportert til utlandet. I dag er saltindustrien framleis stor i Torrevieja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
