Hausa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hausa
(hausa, هَوُسَ)
Klassifisering: afroasiatiske språk

 tsjadspråk
    hausa

Bruk
Tala i: Benin, Burkina Faso, Kamerun, Ghana, Niger, Nigeria, Togo
Hausatalande i alt: 24 millionar som førstespråk, 15 millionar som andrespråk
Rangering: 41
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Nordlege Nigeria
Språkkodar
ISO 639-1: ha
ISO 639-2: hau
ISO 639-3: hau
Hausaspråklege område i Niger
Hausaspråklege område i Nigeria

Hausa er eit tsjadspråk i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka som førstespråk av 24 millionar menneske, og som andrespråk av ca. 15 millionar.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Hausa blir snakka i Niger og nord i Nigeria, men det blir brukt som lingua franca i store delar av Vest-Afrika, spesielt blant muslimar.

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Hausa er offisielt språk i den nordlege delen av Nigeria.

Lydsystem[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Hausa har eit klassisk femvokalsystem, / i, e, a, o, u /, der alle vokalane kan vere lange eller korte. I tillegg har hausa diftongane /ai, au/.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Tabellen viser konsonantane i hausa. Når den ortografiske representasjonen avvik frå IPA, er IPA-symbolet sett til i parentes.

  bilabial alveolar post-
alveolar
retrofleks palatal velar uvular glottal
ust. st. ust. st. ust. st. ust. st.f ust. st. ust. st. ust. st. ust. st.
Implosiv   ɓ   ɗ                        
Ejektiv       ts (ʦ')             k' (ƙ)          
Plosiv   b t d             k g     ' (ʔ)  
Affrikat         c (ʧ) j (ʤ)                    
Nasal   m   n                        
Vibrant       r                        
Flapp                 r (ɽ)              
Frikativ f (ɸ)   s z sh (ʃ)                   h  
Approksimant   w   l           y (j)            

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tonologien i hausa.

Hausa er eit tonespråk, med tre tonar, høg, låg og fallande tone.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Lånord[endre | endre wikiteksten]

Hausa har mange arabiske lånord.

Genustilordning[endre | endre wikiteksten]

Hausa har to genera, maskulinum og femininum. Der språket har ulike ord for referentar med biologisk hankjønn og hokjønn, er dei maskulina eller feminina, som yáròo «gut» og yáarínyàa «jente». Frå denne semantiske kjernen har hausa eit fonologisk basert genustilordningssystem: Ord på -aa er feminina, alle andre ord er maskulina.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Hausa har vore skriftfesta i meir enn 200 år, først med ein variant av det arabiske alfabetet (ajami), men deretter med det latinske alfabetet, som vart innført i byrjinga av 1900-talet. Dette alfabeter er kjend som boko (frå engelsk book), og blei offisiell skrift for hausa i 1930.[1]

Hausa har 3 konsonantar i tillegg til dei vanlege latinske: ɓ, ɗ og ƙ.

Ord frå grunnordforrådet[endre | endre wikiteksten]

Tyding Hausa Tyding Hausa
eg nii stor bàbba
du kai (m.), kee (f.) liten ƙànkanèè
han/ho/det shii (m.), ita (f.) ete ci
vi muu drikke shaa
dokker kuu sove barcii
dei suu døy mutù
kven? wàà tàfi, jee
kva? mèè kome zoo
menneske ɗan Adàm gje baa, baà
mann mùtûm ta ɗaukàà
kvinne màcè, mààtaa snakke fàɗaa
hovud kâi elske soo
auge idòò ein ɗaya
øyre kûnnee to biyu
nase hancìì tre ukù
munn bààkii fire huɗu
tann haƙoorii fem bìyar
tunge harshèè seks shidà
hjarte zuucìyaa sju bakwài
hand hannuu åtte takwàs
fot ƙafàà ni tarà
vatn ruwaa ti goomà
eld wutaa tjue àshìrin
sol raanaa hundre ɗàrii
måne watàà tusen dubuu

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dalby, Andrew (1998). Dictionary of languages: the definitive reference to more than 400 languages. New York: Columbia University Press. ss. 242. ISBN 0-231-11568-7. . Oppgjeve av Engelsk Wikipieda
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.