Oswald Veblen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oswald Veblen (fødd 24. juni 1880 i Decorah i Iowa i USA, død 10. august 1960) var ein amerikansk matematikar, geometikar og topolog. Arbeida hans vart utnytta i atomfysikken og relativitetsteorien. Han beviste Jordans kurveteori i 1905.

Forfedrane hans kom opphavleg frå Noreg. Han hadde ein doktorgrad ved universitetet i Chicago i 1903. Han arbeidde mest med geometri. Han vart òg æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

Han skreiv òg nokre bøker. Mellom anna skreiv han Projective geometry som kom ut i 1910. Han har òg skrive Foundations of defferential geometry som kom ut i 1932.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]