Oterværfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oterværfjorden er ein fjord i Rødøy kommune i Nordland. Han ligg på sørsida av Otervær, som han er kalla opp etter og på nordsida av sjølve Rødøy. Fjorden strekkjer seg 12 km austover til Sleipnesodden.

På sørsida ligg òg Gjessøya og Rosøyan. Otervær ligg lengst vest av øygruppene på nordsida. Aust for Otervær ligg Ævær og inst ligg Svinevær. På austsida av Rødøy ligg Rødøyfjorden, Frå Sleipnesodden går Tjongsfjorden søraustover, medan Skardsfjorden går austover på nordsida.