Otira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

For edderkopparten Otira, sjå Amaurobiidae.

Otira
Otiraviadukten
Otiraviadukten
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
West Coast
Westland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

87
Koordinatar 42°50′″S 171°34′″EKoordinatar: 42°50′″S 171°34′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
Otira is located in New Zealand

Otira er ein liten busetnad om lag sju km nord for fjellpasset Arthur's Pass sentralt på SørøyaNew Zealand. Han ligg ved den vestlege tilkomsten til passet, på ein rygg mellom elvene Otira og Bealey høgt oppe i Søralpane. Innbyggjartalet i Otira og nærområdet var 87 under folketeljinga i 2006, ein oppgang på 30 frå 2001[1].

Dette var opphavleg ein skyss-stasjon på vegen mellom regionane Canterbury og West Coast. Jarnvegslinja vart bygd frå Greymouth til Otira, medan sjølve passet vart trafikkert med hesteskyss inntil jarnvegstunnellen, Otira Tunnel opna i 1923. Under anleggstida (1907 - 1923) husa Otira om lag 600 arbeidarar og familiane deira. På 1950-talet hadde sjølve byen eit folketal på kring 350, men dette gjekk ned til 11 i 1988, og steig att, til ein viss grad, til 44 i 2010[2].

Bygningsmassen består hovudsakleg av gamle jarnvegshus, mange av desse vart bygde i Hamilton og skipa til Sørøya for å verta bygde opp att på staden. I tillegg til jarnvegsstasjonen er her ein pub, ein brannstasjon og 18 hus, 14 av desse busette i 2010[2].

Jarnvegsstasjjonen i Otira.

Nær byen ligg to større ingeniørbragder: Otira Tunnelen og Otira Viaduct.

Otiraviadukten[endre | endre wikiteksten]

Ovanfor byen ligg Otira Viaduct. Denne vart bygd ferdig i 1999, og spenner over ei strekning på 440 meter med ustabil grunn, og erstattar ein smal svinget og farleg vegstrekning som var utsett for snø- og jordskred og vegstengingar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NZ Quickstats Statistics New Zealand
  2. 2,0 2,1 «For sale: WestCoast Town with 44 people». TVNZ One News. 25. juni 2010. Henta 11. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]