Ottar Gravås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ottar Gravås
Fødd 2. august 1922
Leksvik
Død

17. oktober 1985

Yrke politikar

Ottar Gravås (2. august 192217. oktober 1985) var ein norsk offiser, næringsdrivar og politikar frå Leksvik i Nord-Trøndelag. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget 1973-77 og 1983-85.

Gravås var son til ein gardbrukar. Frå 1939 til-46 var han i periodar bilmekanikar, tok eksamen ved Trondheim Tekniske Skole i 1942 og gjekk folkehøgskule 1942/43. I 1944 sat han ei tid i tysk fangenskap. Frå 1946 var han knytt til Forsvaret, som sersjant og bilkontrollør 1947-52 og løytnant og teknisk kvartermeister ved 3. dragonregiment på Rinnleiret 1952–67. I 1967 starta han opp eigen bilverkstad med bensinstasjon og dreiv desse sidan.

Gravås var medlem av Frol kommunestyre 1956–61 og etter kommunesamanslåing av Levanger kommunestyre 1962–67 og 1972–74. Hausten 1973 vart han vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag på ei fellesliste for Kristeleg Folkeparti og partiet Høgre. Der etter var han 1. vararepresentant 1977–81, då Høgre hadde fyrstekandidaten på felleslista og fekk representanten. Samstundes var han 1977-83 fylkessekretær i Nord-Trøndelag Kristeleg Folkeparti.

Gravås var også 1. vararepresentant til Stortinget 1981–85, då vald på ei fellesliste for Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Han møtte fast 1983-85 då Johan J. Jakobsen var statsråd i Willoch-regjeringa. All si tid på Stortinget var Gravås medlem i Forsvarskomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]