Ottar Lie
Ottar Lie | |
![]() | |
Fødd | 5. mars 1896 Løten, Noreg |
---|---|
Død | 1. mars 1943 (46 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti |
Yrke | politikar, Smed |
Ottar Lie (5. mars 1896–1. mars 1943) var ein norsk jarnarbeidar, politikar og motstandsmann, fødd i Løten i Hedmark.
Lie var eldste son til ein kjelsmed busett i Løten. Han fekk sjølv jarnarbeid til yrke. Tidleg engasjerte han seg i arbeidarrørsla, frå 1917 til -19 var han formann i Samorganisasjonen i Løten. Deretter var han 1921-23 styrar for Samorg-kontoret i Hamar og sekretær i Det norske Arbeidarpartiet. Då partiet kløyvde seg hausten 1923, slutta Lie seg til Norges Kommunistiske Parti. Frå 1927 var han partisekretær i NKP og medlem i sentralkomiteen. Under den tyske okkupasjonen av Noreg frå sommaren 1940 var Lie mykje aktiv i motstandsrørsla. Han «vart arrestert etter eldkamp med Gestapo» og skoten i Trandumskogen.

Snublestein for Ottar Lie i Oslo
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957