Otto Ruberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Ruberg
Fødd 21. mai 1866
Død august 1939

Otto Ruberg (21. mai 1866august 1939) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Brevik i Telemark. Han var medlem av Venstre.

Ruberg var son til ein skipper. Sjølv gjekk han borgarskulen i heimbyen, før han 15 år gammal vart tilsett i forretninga til kjøpmann Even Larsen. I 1885 vart han fullmektig i forretninga, og då Larsen døydde i 1898 tok han over forretninga. I tillegg dreiv han som skipsreiar og agent for reiarlag.

Ruberg var medlem av bystyret i Brevik frå 1899, også av formannskapet. Han hadde fleire sentral verv i styringa av byen og ulike samfunnsinstitusjonar, så som sparebanken. Perioden 1906-09 var han Brevik sin representant på Stortinget, medlem av konstitusjonskomiteen. Dei to valbolkane 1910-12 og 1913-15 var han stortingsvaramann for krinsen Brevik og Holmestrand. Han møtte i 1911 frå 23.juni i staden for Rikard Olsen. Også i 1914 kom han inn for Olsen på slutten av sesjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]