Outback

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit turistskilt i Yalgoo i Vest-Australia

Outback er eit stort, aude og tørt område i Australia, men namnet vert ofte nytta om alle landområde utanfor urbane område. Uttrykket «the outback» vert generelt nytta om stader som er forholdsvis meir fjerntliggande enn dei områda ein kallar «The Bush».

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Fleire av dei kjende dyreartane i Australia finst i the outback, som kenguru, emu og dingo. Dingogjerdet vart bygt for å hindre dinogar å gå inn i jordbruksområda søraust i landet. Dei marginalt fruktbare områda vert hovudsakleg nytta som beitemark og har tradisjonelt vorte nytta for sau eller kyr på beite på kvegstasjonar som er leigde frå staten. Små område av outback består av leirjord, medan det meste består av udyrkbar fossilt jordsmonn. Riversleigh i Queensland er ein av dei mest kjende fossilstadane i Australia og det vart innskrive på verdsarvlista i 1994. Det 100 km² store området inneheld fossil av gamle pattedyr, fuglar og reptil frå oligocen og miocen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første europeiske ekspedisjonane i det indre av Australia var sporadiske. Ein hadde større fokus på dei meir tilgjengelege og frodige kystområda. Den første gruppa som klarte å krysse Blue Mountains like utanfor Sydney var leia av Gregory Blaxland i 1813, 25 år etter kolonien vart oppretta. Folk prøvde å følgje elvane som rann vestover for å finne ein «innlandssjø», men alle rann ut i Murray River og Darling River som renn sørover.

Frå 1858 til 1861 leia John McDouall Stuart seks ekspedisjonar nord frå Adelaide til the outback, og dei klarte å nå nordkysten av Australia og kome seg attende utan tap av menneskeliv. Burke- og Will-ekspedisjonen i 1860–1861, som hadde langt meir midlar, var derimot langt mindre heldige og tre av fire medlemmer i ekspedisjonen mista livet.

Overland Telegraph-linja vart bygt i 1870-åra langs ruta som Stuart fann. Han hadde funne nok vatn til å drifte gjentakarstasjonane.

Ein heldt fram med utforskinga av the outback i 1950-åra, då Len Beadell utforska, kartla og bygde mange vegar for utføre atomprøvesprengingar ved Emu Field og Maralinga og rakettestinga ved Woomera Prohibited Area.

Mange av dei tidlege utforskarane nytta hestar til å krysse the outback, og den første kvinna til å reise over området til hest var Anna Hingley, som reid frå Broome til Cairns i 2006.[1]

Gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til jordbruk og turisme, er hovudnæringa i dette enorme og tynt folkesette området gruvedrift. Sidan det ikkje har utvikla seg fjell her eller vore isbreutdanning sidan permtida (i mange område sidan kambrium), er det særs mykje jern, aluminium, mangan og uran i the outback, samt store førekomstar av gull, nikkel, bly og sink. Sidan området er så stort er verdien av både beitemarkene og gruvedrifta stor. Store gruver og gruveormådet i the outback finn ein mellom anna ved Coober Pedy, Lightning Ridge og White Cliffs, Broken Hill, Tennant Creek, Olympic Dam og det fjerntliggande Challenger Mine. Olje og gass vert vunne ut i Cooper-bekkenet rundt Moomba.

I Vest-Australia er Argyle diamantgruve i Kimberley den største produsenten i verda av naturlege diamantar og medverkar til om lag ein tredje del av dei naturlege førekomstane i verda.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Sidan det er særs lite nedbør i det meste av the outback, kombinert med jordsmonn som ikkje er særleg frodig, er det lite folk som bur i det indre av Australia. Meir enn 90 % av australiarane bur i urbane område langs kysten. The outback og historia om utforskinga av området og busetnadane her, gjev australiarane eit rikt kulturelt bakteppe og soger om landstrykarar, nybyggjarar og forbrytarar i villmarka. Songen «Waltzing Matilda», som er ein song om landstrykarar (swagman) og nybyggjarar (squatters) og er kanskje den mest kjende australske songen.

Aboriginane i outback-område har ikkje vorte forflytta, slik dei har vorte i jordbruksområde og i store byar i kystområda. Så mykje av urfolket i Australia lever i the outback,[2] i område som Anangu Pitjantjatjara Yankunytjatjara nord i Sør-Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. First woman conquers Outback
  2. World Book Encyclopedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]