Ove Høegh-Guldberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ove Høegh-Guldberg

Fødd1. september 1731
Horsens
Død8. februar 1808
Dollerup
NasjonalitetDanmark
Yrkepolitikar, teolog, historikar

Ove Høegh-Guldberg (1. september 17318. februar 1808) var ein dansk statsmann, teolog og historikar.

Høegh-Guldberg voks opp i enkle kår i Horsens, der faren var bedemann. Han fekk hjelp av ein morbror som var prest slik at han kunne studere. I 1754 tok han teologisk embetseksamen. Sidan vart han professor ved Sorø Akademi, i 1764 vart han lærar for arveprins Frederik, son til Frederik 5. og Juliane Marie. Guldberg skreiv m.a. Den naturlige religion som en indledning til den åbenbarede (1765) som lærebok til bruk i denne undervisninga.

I 1771 gav han ut forteljinga Azan, eller den fra Gield udfriede Fyrste. Denne kan lesast som ei skildring av ein idealstat. I så fall viser boka at dei politiske tankane hans alt då var strengt autoritære og konservative.

Han var ein arg motstandar av Johann Friedrich Struensee og reformene hans. Ved kuppet mod Struensee i januar 1772 spelte Høegh-Guldberg ei sentral rolle ved å formidle kontakten mellom enkjedronninga og kuppleiarane. Han var med å dømme Struensee og Enevold Brandt til ein blodig dødsdom med partering og halshogging.

Etter kuppet mot Struensee vart Ove Høegh-Guldberg stats-og geheimekabinetssekretær. Kongen var sinnsjuk, og dronninga, som hadde hatt Struense til elskar, vart send ut av landet. Guldberg stødde seg til enkjedronninga Juliane Marie. Han fekk stadig meir makt, ettersom han sjølv avgjorde sakene utanom statsrådet. Ved eit reskript av 20. oktober 1773 fekk han gjeninnført ein strengare sensur av trykte skrift. Ove Høegh-Guldberg arbeidde for å innføre «indfødsretten», som fastslo at personar fødde i fedrelandet skulle ha førsterett til statsembete. Dessutan innførte han dansk som offisielt administrasjonspråk i Danmark-Noreg. I 1780 fekk han fjerna utanriksminister A.P. Bernstorff, som hadde vore ein motstandar av dei politiske prinsippa til Guldberg. Etter dette var Guldberg nærast einerådande.

14. april 1784 vart Ove Høegh-Guldberg avsett i samband med eit statskupp, sett i scene av ein krins progressive i krinsen rundt kronprins Fredrik. Maktskiftet var udramatisk, og vart akseptert av taparane. Guldberg vart utnemnd til stiftamtmann i Århus.

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dansk Wikipedia oppgjev kjeldene:

  • Ole Feldbæk, Gyldendal og Politikens Danmarkshistorie, bind 9, 2003.
  • Edvard Holm, Danmark-Norges Historie bind V, G.E.C. Gad, 1906.
  • Ståle Dyrvik: Norsk historie 1625—1814 Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5546-4