Pålemakk
Pålemakk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Muslingar Bivalvia |
Overorden: | Imparidentia |
Orden: | Myida |
Overfamilie: | Pholadoidea |
Familie: | Teredinidae |
Slekt: | Pålemakk Teredo Linnaeus, 1758 |
Pålemakk (også kalla pelemark og peleorm) er ei slekt av makkliknande muslingar, med sterkt forkrøpla skal[1]. Dei høyrer til i familien Teredinidae, som er utbreidde over store deler av verda. Det finst rundt 65 ulike typar slike muslingar, og av desse finst 4-5 i Noreg[2] Det er funne pålemakk rundt det meste av norskekysten.[3]
Pålemakk kalklegg gangane sine. Dei er vanlige ned til eit djup på rundt 30 meter. Pålemakk er eigentlig muslingar med skal som er redusert til ei slags borekrone, som sit fremst på kroppen og har ein storleik på omlag 1 cm. Pålemakken er ellers naken og den langstrakte forma gjer at han minner meir om ein mark enn om ein musling[2].
Dei borar lange gangar i trevyrke og kan gjera stor skade ved at angripa skip og båtar av tre, trestolpar under kaier og bryggjer, osb. Pålemakk lever berre i sjøvatn, så ein kan unngå han ved å fortøya båtar litt oppe i ein elveos[4].
Som dei fleste marine muslingar lever pålemakk av partiklar dei filtrerer ut frå vatnet, og ikkje primært trevyrke.[5] Dei tek til seg tre som eit ekstra næringsstoff ved hjelp av bakteriar i nokre av cellene deira.[6] Dei treng likevel ikkje tre for å leva, og kan klara seg på overflata til strukturar av både tre og andre materiale.[7]
Artar
[endre | endre wikiteksten]- Teredo aegypos Moll, 1941
- Teredo bartschi Clapp, 1923
- Teredo bitubula Li, 1965
- Teredo clappi Bartsch, 1923
- Teredo fulleri Clapp, 1924
- Teredo furcifera Martens in Semon, 1894
- Teredo johnsoni Clapp, 1924
- Teredo mindanensis Bartsch, 1923
- Teredo navalis Linnaeus, 1758
- Teredo poculifer Iredale, 1936
- Teredo portoricensis Clapp, 1924
- Teredo somersi Clapp, 1924
- Teredo triangularis Edmondson, 1942
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Teredo-orm eller turu teken ut frå mangrovetre på Marajóøya i Brasil. Denne makken er 1,5 cm i diameter og rundt 50 cm lang (merk at halen er broten av).
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pelemark, Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendal norske forlag, 1972.
- ↑ 2,0 2,1 Om pælemark og andre boredyr, Fartøyvernsentrenes fellesråd, desember 2011.
- ↑ «Pælemark», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 4. august 2021
- ↑ A. Melkild, I baut og lens på Lofoten og Finnmarka, Driva-trykk AS, 1984.
- ↑ Paalvast, Peter; van der Velde, Gerard (1. juli 2013). «What is the main food source of the shipworm (Teredo navalis)? A stable isotope approach». Journal of Sea Research (på engelsk) 80: 58–60. Bibcode:2013JSR....80...58P. ISSN 1385-1101. doi:10.1016/j.seares.2013.03.003. hdl:2066/117330.
- ↑ «How a Ship-Sinking Clam Conquered the Ocean». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta 5. november 2020.
- ↑ Taub, Matthew (15. oktober 2018). «A Century Ago, Wood-Eating Worms Devastated San Francisco Bay». Atlas Obscura (på engelsk). Henta 5. november 2020.