Pada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pada-puja eller fot-rituale ved kjempestatuen av djain-leiaren Bahubali i Gommateshwara.

Pada er eit ord frå sanskrit som bokstaveleg tyder 'fot'.[1] Sanskritordet padá (devanagari पद) har kognatar i gresk pous og latin pes. Omgrepet har fått ei rekkje avleidde tydingar, som trinn, fotavtrykk, spor, merke, versefot, oppdeling, måleining og andre omgrep innan språk, litteratur og religion.

Døme:

  • Pada kan visa til ein måte å lesa Veda-tekstar på der ein innfører klare skilje mellom orda, og ikkje bruker vanlege sandhiovergangar.[2]
  • Pada kan visa til eit lyrisk dikt sett til musikk, ofte nemnd saman med songtypen bhajan.[2]
  • Som måleining utgjer ein pada 12 eller 15 fingerbreidder, eller 1/2 eller 1/3 eller 3/7 av ein prakrama.
  • Ei firedeling av eit heile (som ei bok)
  • I sanskrit-grammatikk viser pāda til bøygde substantiv eller verb.
Teikning av sri pada eller heilage fotavtrykk frå Japan.

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Innan religion kan pada visa til føter eller fotspor laga av heilage eller guddommelege personar. Innan buddhismen kan ein til dømes snakka om Buddhapada, 'Buddha-fotspor', og innan hinduismen om pāda eller pādamudrā frå gudar. Føtene til den enorme Gommateshwara-statuen, som er særs viktig i djainismen, blir tilbedd dagleg i eit rituale kalla pada-puja.

Fjellformasjonen Sri Pada på Sri Lanka blir kalla Buddha sitt fotspor av buddhistar, Shiva sitt fotavtrykk av hinduar og Adam sitt fotavtrykk av muslimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Rockwell Lanman (1884). A Sanskrit reader: with vocabulary and notes, Parts 1-2. Ginn, Heath. s. 189. 
  2. 2,0 2,1 «pada, n.1». OED Online. Oxford University Press. mars 2019. Henta 14. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]