Paille-maille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pall-Mall (Paille-maille) spelar

Paille-maille (òg palle-maille, palle-malle eller pall mall) er eit ballspel som vert spelt på ein grasplen og som var utbreidd i dei høgare sosiale kretsane i Vest-Europa på 1600- og 1700-talet. Pail4le-maille var ein forgjengar for både krokket og golf.

Den vanlegaste forklaringa på namnet er at det kommer frå italiensk palla di maglio, pallamaglio, som bokstaveleg tyder ball og kølle, altså «kølleball». Første ledd kan òg koma frå fransk paille, sjå nedanfor.

Det vart spelt i ein lang allé der ein jernbøyle var sett opp i kvar ende. Spelet gjekk ut på å slå ei trekule, ca. 10 cm. i diameter, med ei langskafta trekølle frå startpunk i den eine ende, gjennom alléen med så få slag som mogleg, og til slutt slå den gjennom bøylen i motsatt ende. Målet kunne òg vera ein opphengt ring. I Frankrike kunne målet for spelet vera ei bue av strå (fransk: paille).

Paille-maille vart først utbreidd i Italia, Frankrike og Skottland, og spreidde seg deretter til England og andre deler av Vest-Europa på 1600-talet. Namnet refererer ikkje berre tll spelet, men òg kølla og til alléen der det vart spelt. Mange byar hadde lange rette allear eller promenadar som kunne brukast til spelet og som i dag har namn som minner om kva dei opphavleg var. Disse finn vi att i Pall Mall og The Mall i London, i die Palmaille i Altona ved Hamburg, i Ru du Mail i Paris, og i Maliebaan i Utrecht. Då spelet ikkje lenger var populært, vart enkelte av desse paille-mailles nytta som butikkgater, medan andre vart til skyggefulle promenadar, framleis kalla mailles eller malls. Det er opphavet til det moderne namnet på kjøpesenter i USA, shopping malls. Eit av dei største er Mall of America i Bloomington, ein forstad til tvillingbyene Minneapolis og Saint Paul i staten Minnesota, USA..