Palmachim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palmachim
kibbutz
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Gan Raveh
Koordinatar 31°56′0″N 34°42′23″E
Folketal 743 (2021)[1]
Grunnlagd 11. april 1949
 - Grunnlagd av Palmach-veteranar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Palmachim
31°55′0″ N 34°42′23″ E
Wikimedia Commons: Palmachim
Nettstad: palmachim.org.il

Palmachim (hebraisk skrift פַּלְמַחִים) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg kring ti kilometer sør for Tel Aviv-området langs kysten av Middelhavet mellom sanddyner og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2004 hadde han eit folketal på 500.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Palmachim avsaltingsverk

Palmachim vart grunnlagd den 11. april 1949 av tidlegare medlemmar av Palmach[2] på landområde nær den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Nabi Rubin.[3]

I 2004 vart kibbutz-livsstilen endra og innbyggjarane vart ansvarlege for si eiga inntekt og forbruk.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av den gamle hamna til Yavne, Yavneh-Yam, ligg i nærleiken og funn herfrå er stilt ut i eit lite museum i kibbutzen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 445. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948. Institute for Palestine Studies. ISBN 0-88728-224-5, s. 403

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]