Hopp til innhald

Pan Twardowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pan Twardowski og djevelen. Teikning av Michał Elwiro Andriolli.

Pan Twardowski (polsk Pan Twardoski, polsk uttale: [ˈpan tfarˈdɔfski]), òg kjend som Meister Twardowski (polsk: Mistrz Twardoński), er ein trollkar i polsk folklore og litteratur som inngjekk ei djevelpakt.[1] Twardowski selde sjela si i bytte mot særskilde evner, som å kunna kalla på sjela til den avdøde kona til kong Sigismund Augustus, og møtte til slutt ei tragisk skjebne.

Soga om Twardowski finst i ulike versjonar, og er grunnlaget for mange litterære verk, som den humoristiske balladen «Pani Twardowska» av Adam Mickiewicz.[2] Ein reknar gjerne med at folkloren var sterkt inspirert av den tyske forteljinga om Faust, som han har mange parallellar med.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Pan Twardowski kallar på ånda til Barbara Radziwiłł for kong Sigismund Augustus. Måleri Wojciech Gerson.

I ei gamal legende var Twardowski ein adelsmann (szlachcic) som budde i Kraków på 1500-talet. Han selde sjela si til djevelen i bytte mot stor kunnskap og magiske evner. Twardowski ville lura djevelen ved å inkludera ein klausul i kontrakten som slo fast at djevelen berre kunne ta sjela til Twardovski til Helvete under ei vitjing til Roma – ein stad trollmannen aldri planla å dra til.[1] I variantar av soga blir Twardowski seld til djevelen som barn av far sin.

Pan Twardowski frakta vekk av djevelen. Måleri av Ignacy Gierdziejewski.

Med hjelp frå djevelen fekk Twardowski raskt rikdom og berømming, og blei til slutt ein hovudmann for kong Sigismund Augustus, som søkte trøst i magi og astrologi etter at den kjære kona hans Barbara Radziwiłł hadde døydd.[3] Han skulle ha framkalla ånda til den avdøde dronninga for å trøysta den sørgende monarken ved hjelp av ein magisk spegel.[3] Trollmannen skreiv òg to bøker som begge blei dikterte til han av djevelen - ei magibok og ein encyklopedi.

Etter å ha kome unna skjebnen si i mange år, blei Twardowski til slutt lurt av djevelen og blei fanga ikkje i byen Roma, men på ein gjestgjevarstad som heitte Rzym (polsk for «Roma»).[1] Medan han blei frakta vekk, byrja Twardowski å be til jomfru Maria, og dette fekk djevelen til å kasta offeret frå seg halvvegs til helvete.[1] Twardowski fall ned på månen der han stadig lever. Det einaste selskapet hans er ein venn som han ein gong forvandla til ein edderkopp; frå tid til annan let Twardowski denne spinna ein tråd ned til jorda og gje han nyhende om det som har skjedd i verda.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hanna Widacka. «Legendy i fakty o Mistrzu Twardowskim» (på polsk). Henta 14. februar 2023. 
  2. Adam Mickiewicz. «Pani Twardowska» (på polsk). Henta 20. mars 2009. 
  3. 3,0 3,1 Roman Bugaj. «Mistrz Twardowski» (på polsk). "Mówią wieki", nr 9, 1972. Arkivert frå originalen 27 October 2007. Henta 20. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pan Twardowski