Polsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pulawy-psalteret frå 1400-talet.

Polsk litteratur er litteratur frå Polen som hovudsakeleg er skriven på polsk.

Den eldste polske litteraturen av tyding blei skriven på latin. Under renessansen oppstod det òg ein litteratur på polsk, med diktarar som Mikołaj Rej (1505-1569), som tala for reformasjonen i vers og prosa,[1] og Jan Kochanowski (1530-1584). Szymon Szymonowic (1558–1629) skreiv bukolisk lyrikk, og Sebastian Klonowic (1550–1602) skildra dagleglivet i samfunnet.[1]

Motreformasjon og dei politiske katastrofane på 1600- og 1700-tala lamma likevel kulturen. Fyrst på 1830-talet fekk Polen ein betydeleg diktar i Adam Mickiewicz, som tolka den nye nasjonalismen i dikt, drama og det romantiske eposet Pan Tadeusz. Til poetane i romantikken høyrer det diktarane Zygmunt Krasiński og Juliusz Słowacki.

Utkast til Pan Tadeusz ved Pan Tadeusz-museet i Wrocław.

På andre halvdel av 1800-talet fekk Polen ein livskraftig dramatikk og ei rekkje realistiske forteljarar, blant anna nobelprisvinnaren Henryk Sienkiewicz, som blei verdskjend for den historiske romanen Quo vadis. Også på 1900-talet fekk polsk prosa internasjonal merksemd med forfattarar som Stefan Żeromski, nobelprisvinnaren Władysław Reymont og Jerzy Andrzejewski. Innan lyrikken blei mellom anna Tadeusz Różewicz, Zbigniew Herbert og dei nobelprisløna Czesław Miłosz og Wisława Szymborska lagt merke til. Den polske dramatikken, særleg representert av Witold Gombrowicz og absurdisten Sławomir Mrożek, nådde eit globalt publikum. Den alltid livskraftige prosaen hadde med forfattarar som Bruno Schulz og Stanisław Lem ofte ei draging mot det fantastiske og groteske.

Eksilforfattarar som Witold Gombrowicz og Czesław Miłosz blei lenge lesne i smug i Polen, men etter oppmjukinga i 1956 og særleg etter 1980 skjedde dette meir ope, samtidig som den polske litteraturen blomstra. På 1970-talet fall dette saman med utviklinga av ei rekke underjordiske småforlag. På byrjinga av 1980-talet fall kampen til fagforeininga Solidaritet mot kommunistregimet saman med med fornya fridomskrav innan litteraturen, og nobelprisen til Miłosz i 1980 styrka tendensen. Seinare har likevel også yngre diktarar som Adam Zagajewski blitt tvinga til å bu og gje ut i eksil.

Forfattarar frå seint 1900-tal og 2000-talet verd å merka seg er i tillegg til Zagajewski blant andre Ryszard Kapuściński, Stefan Chwin, Andrzej Stasiuk og Olga Tokarczuk.

Nobelprisvinnarar i litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Selberg, Ole Michael (23. august 2023). «Polens litteratur». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Polsk litteratur