Panjabiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panjabiar i tradisonelle klede dansar folkedans (boliya og bhangra).

Panjabiar eller panjabiarar (panjabi پنجابی, ਪੰਜਾਬੀ), er ei folkegruppe knytt til Panjab-regionen i Søraust-Asia og til det indoariske språket panjabi.[1]

Panjabiar høyrer hovudsakleg til tre ulike religionssamfunn[2] - hinduismen, islam og sikhismen. Sistnemnde religion stammar frå Panjab, og dei fleste sikhar er panjabiar.

Det finst rundt 121 millionar panjabiar i verda (her rekna som panjabitalande folk}.[3] Rundt 90 millionar av dei bur i Pakistan.[4] Rundt 29 millionar bur i India.[5] Det finst større minoritetar i Canada (430 705[6]), Storbritannia (296 381[7][8]), USA (250 000[9]) og Australia (71 228[10]). I Noreg bur det rundt 24 000 panjabiar.[11]

Ideen om ein felles panjabisk identitet for dei ulike klanane, stammane og kastene i Panjab voks fram frå byrjinga av 1700-talet. Før dette hadde ikkje innbyggjarane i Panjab hatt ein felles identitet, sjølv om dei delte språklege og kulturelle uttrykk.[12][13][14]

Nokre kjende panjabiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Concise Encyclopedia of Languages of the World. Elsevier. 2010. s. 522–523. ISBN 978-0-08-087775-4. 
  2. «Panjabiar» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Lahnda/Western Punjabi 90,512,900 Pakistan and other countries (2014). Eastern: 28,200,000 India (2001), other countries: 1,314,770. Ethnologue 19.
  4. 90 512 900 Pakistan – Languages | Ethnologue;Ethnic Groups – The World Factbook — Central Intelligence Agency
  5. 29 102 477, «Census of India: Comparative speaker's strength of Scheduled Languages-1971, 1981, 1991 and 2001». http://www.censusindia.gov.in/Census_Data_2001/Census_Data_Online/Language/Statement5.aspx. Henta 13 December 2016. 
  6. «Census Profile». 6 May 2015. http://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2011/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=E&Geo1=PR&Code1=01&Geo2=PR&Code2=01&Data=Count&SearchText=Canada&SearchType=Begins&SearchPR=01&B1=All&Custom=&TABID=1#Note20. 
  7. «Census 2011: the language data visualised». https://www.theguardian.com/uk/datablog/2013/jan/31/census-2011-language-map. Henta 5 August 2016. 
  8. http://www.scotlandscensus.gov.uk/documents/censusresults/release2a/rel2A_Language_detailed_Scotland.pdf
  9. http://www.census.gov/compendia/statab/cats/population/ancestry_language_spoken_at_home.html
  10. http://mcnair.com.au/wp-content/uploads/McNair-Ingenuity-Research-In-Language-Media-Consumption-Infographic.pdf
  11. Strazny, Philipp (1 February 2013). «Encyclopedia of Linguistics». Routledge. https://books.google.com/books?id=27JOMobauYAC. 
  12. Malhotra, edited by Anshu; Mir, Farina (2012). Punjab reconsidered : history, culture, and practice. New Delhi: Oxford University Press. ISBN 9780198078012. 
  13. Ayers, Alyssa (2008). «Language, the Nation, and Symbolic Capital: The Case of Punjab» (PDF). Journal of Asian Studies 67 (3): 917–46. doi:10.1017/s0021911808001204. 
  14. Thandi, edited and introduced by Pritam Singh and Shinder S. (1996). Globalisation and the region : explorations in Punjabi identity. Coventry, United Kingdom: Association for Punjab Studies (UK). ISBN 1874699054.