Pantelleria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pantelleria
Monte Gibelè sett frå Montagna Grande
Monte Gibelè sett frå Montagna Grande
Geografi
Pantelleria map.png
Stad Middelhavet
Koordinatar 41°16′56″N 9°21′0″EKoordinatar: 41°16′56″N 9°21′0″E
Øygruppe Maddalenaøyane
Areal 117 km²
Høgaste punkt Monte Grande (836 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Trapani
Største busetnad Pantelleria (3 000 innb.)
Demografi
Folketal 7 769 (2005)
Folketettleik 73 /km²

Pantelleria (eller Pantalaria, Pantellaria, i antikken Cossyra) er ei øy i Siciliasundet i Middelhavet, 100 km sørvest for Sicilia, og berre 70 km aust for kysten av Afrika. Pantelleria er òg ein kommune som høyrer til provinsen Trapani i Italia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Heile øya har vulkansk opphav og har eit areal på 117 km². Det høgaste punktet er Monte Grande med ei høgd på 836 moh. Varme mineralkjelder og fumaroler viser at det framleis er passiv vulkansk aktivitet. Øya er frodig, men manglar ferskvatn. Hovdbyen med om lag 3 000 innbyggjarar ligg i nordvest. Ein gong var det ein straffekoloni her. Ein kan i dag nå øya med ferje og hydrofoil frå Trapani, og ho ligg langs hovudruta frå aust til vest i Middelhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege folkesetnaden på Pantelleria var iberarar eller ibero-ligurarar. Øya vart truleg folketom ein periode før nybyggjarar frå Kartago slo seg ned her rundt 600-talet fvt.. Dei lagde ein busetnad på tvillingåsen San Marco og Santa Teresa, 2 km sør for byen Pantelleria. Byen inneheld mange restar av gamle murar og fleire cisterner. Puniske graver er òg oppdaga, og terrakottaer frå punarperioden vart funne på nordkysten. Namnet Pantelleria tyder «dottera av vinden», som viser til den kraftige vinden som oppstår utanfor nordkysten av Afrika.

Romarane okkuperte øya i følgje Fasti Triumphales i 255 f.Kr. og mista ho igjen året etter, før dei igjen fekk herredøme over øya i 217 f.Kr.. Under Romarriket var øya ein stad der prominente personar og medlemmer av keisarfamilien vart forvist til.

I år 700 vart den kristne folkesetnaden utrydda av arabarar, som mista øya til Roger av Sicilia i 1123. I 1311 vann den aragonesiske flåten, under Lluís de Requesens sin kommando, ein stor siger her, og familien hans vart fyrstar av Pantelleria fram til 1553, då byen vart plyndra av osmanarar.

Under den andre verdskrigen vart det sett på som heilt nødvendig for dei allierte å ta øya som ledd i invasjonen av Sicilia i 1943. Dette ville føre til at fleire fly kunne plasserast på ei større øy. Pantelleria vart kraftig bomba dagane før invasjonen av bombefly og krigsskip, og til slutt overgav garnisonen seg til troppane som gjekk i land. Ho spelte så ei stor rolle som ein viktig base for allierte flyfartøy under Operasjon Husky. Operasjonen om å erobre Pantelleria vart kalla Operasjon Corkscrew.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pantelleria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]