Parelius Mentsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Parelius Mentsen
PareliusMentsen-0036973.jpg
Fødd 1. oktober 1902
Død

22. april 1985

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Parelius Meyer Mentsen (1. oktober 190222. april 1985) var ein norsk fagforeiningsmann frå Ballangen. Han var leiar for Landsorganisasjonen i Noreg i perioden 1965 til 1969.

Mentsen var bygningsmann og vart med tida formann og oppsynsmann i faget. Frå 1936 var han sekretær for samorganisasjonen i Finnmark. Under 2. verdskrigen deltok han i illegalt arbeid og vart arrestert ein gong, men sleppt fri etter kort tid.

I 1946 fekk Mentsen stilling som LO-sekretær ved hovudkontoret i Oslo. Fire år seinare vart han vald til nestformann i LO, ein posisjon han hadde til han tok over som øvste leiar i Landsorganisasjonen i 1965, og styrte organisasjonen i fire år.

Gjennom sine år i LO-leiinga var han mellom anna medlem i Rikslønnsnemnda, i rådet for Distriktenes utbyggingsfond og Statens likelønnsråd. Han var elles styremedlem i Arbeiderbladet, Folk og Forsvar og Sydvaranger Gruve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]