Yngve Hågensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yngve Hågensen
Yngve Hagensen.jpg
Fødd 13. juli 1938
Vardø
Yngve Hågensen på Commons

Yngve Helmer J. Hågensen (fødd 13. juli 1938 i Vardø) var leiar for Landsorganisasjonen frå 1989 til 2001.

Hågensen budde på barneheim som barn, fyrst i Vardø under andre verdskrigen, seinare i Bærum. 14 år gamal starta han å jobbe som visergutt i Halden, og fekk seinare jobb på Saugbruksforeningen frå 1955 til 1969. Han vart aktiv innafor idrett og som speider, og vart rekruttert til fagforeningsarbeid. Han fekk jobb som distriktssekretær for LO i Møre og Romsdal i fire år, frå 1969 til 1973 og fekk ein liknade jobb i Oslo og Akershus. Han jobba i sekretariatet i LO frå 1977 til 1989.

Bok[endre | endre wikiteksten]

Yngve Hågensen gav i 2004 ut boka Gjør din plikt, krev din rett! der han skriv om barndomen sin og sitt yrkesliv. I boka legg han heller ikkje fingrane imellom der han fortel om kampane mot Gro Harlem Brundtland og andre samheldstopper.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Yngve Hågensen