Paris-kongressen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paris-kongressen 1856

Parisfreden (eller Tredje parisarfred eller Paris-kongressen) vart inngått i Paris den 30. mars 1856 og gjorde slutt på Krimkrigen.

Partane var Det osmanske riket med forbundsfellane Frankrike, Storbritannia og Kongedømmet Sardinia på den eine sida, og Russland på den andre.

Vilkår og umiddelbar verknad[endre | endre wikiteksten]

Russarane hadde lenge ønskt å herske over Svartehavet og få fri tilgang til Middelhavet og verdshava gjennom Bosporos. Traktaten tvang dei til å godta at Svartehavet skulle vere nøytralt territorium og lukka for alle krigsskip. Dei fekk heller ikkje ha fort eller nærvær av våpen langs havet. Desse fredsvilkåra innebar eit kraftig tilbakeslag for Russland i regionen.

Moldova og Valakia skulle stå under nominelt ottomansk styre, men få uavhengige grunnlover og nasjonalforsamlingar – overvåka av sigerherrane. Det skulle haldast folkeavrøysting for å undersøke om det var stemning for ei samanslåing av dei to landa, og Moldavia vart tildelt den sørlege delen av Bessarabia (Budjak).

Traktaten demilitariserte Åland som høyrte til det russiske Storfyrstedømet Finland. Engelske og franske styrkar hadde øydelagt det ålandske fortet Bomarsund i 1854, og ønskte å forhindre at russarane brukte det som militærbase.

Tsar Nikolaj I av Russlands nederlag innebar at:

  • Russland mista territoriet landet var blitt tildelt ved munningen av Donau.
  • Russland vart tvunge til å seie frå seg sin rett til å verne kristne i det ottomanske riket til fordel for Frankrike.
  • Russland mista innverknad over Donau-fyrstedøma Moldavia og Valakia, som saman med Serbia vart gitt større sjølvstyre.
  • Politiske reformer var nødvendige i Russland etter at dei tapte krigen, blant anna vart liveigenskapet avskaffa i 1861.

Langtidsverknad[endre | endre wikiteksten]

Pariserfreden førte til ein ny maktkonstellasjon i Europa. Frankrike overtok som den nye kontinentalmakta etter Russland. «Den heilage alliansen» mellom Russland, Austerrike og Preussen frå 1815 gjekk i oppløysing og forholdet mellom Russland og Austerrike vart varig svekka. Sidan Russland vendte seg til Frankrike og Preussen, vart Austerrike isolert. Motsetnadene mellom Russland og Storbritannia vart større, og forholdet mellom desse landa betra seg først på byrjinga av 1900-tallet.

Det var ikkje mogleg å svekke Russlands militærmakt på lengre sikt. Nøytraliseringa av Svartehavet var ein av Russlands viktigaste ettergjevnader, men ordninga vart revidert allereie i 1871. Under den fransk-prøyssiske krigen oppheva Russland den 9. november 1870 einsidig nøytraliseringa og Londonkonvensjonen 3. mars 1871 stadfeste å avnøytralisere Svartehavet. Sunda var framleis sperra for framande krigsskip og berre sultanen kunne tillate krigsskip frå vennlegsinna statar å passere. Til gjengjeld var Russland fri til å byggje skip og festningar langs Svartehavet. Sevastopol vart igjen hamn for den russiske krigsflåten og kom til å spele ei aktiv militær rolle mot det osmanske riket i den russisk-tyrkiske krigen i 1877-78.

Forventningane til den franske keisaren og verten for fredskongressen, Napoleon III, vart heller ikkje oppfylt. Han vona at Storbritannia og Østerrike skulle gå med på ei omfattande reorganisering av Europa med Italias samling og gjenoppretting av ein polsk stat.

Nøytral sivil sjøfart fekk derimot varig verknad ved at Parisdeklarasjonen frå 16. april 1856 innleia ein ny æra innan den internasjonale sjøretten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Winfried Baumgart: Der Friede von Paris 1856. Oldenbourg, München 1970. ISBN 348643571X.
  • Imanuel Geiss (red.): Chronik des 19. Jahrhunderts. Bechtermünz, Augsburg 1997. ISBN 3860471317.
  • Oskar Jäger: Geschichte der neuesten Zeit. Vom Wiener Kongress bis zur Gegenwart. (2. bind); Oswald Seehagen, Berlin 1882.
  • Wilhelm Treue: Der Krimkrieg. Mittler, Herford 1980. ISBN 3813201236.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]