Pascal Dusapin
| Pascal Dusapin | |
| Statsborgarskap | Frankrike |
| Fødd | 29. mai 1955 (71 år) Nancy |
| Yrke | komponist, operakomponist, amatørfotograf |
| Språk | fransk |
| Medlem av | Akademie der Bildenden Künste München[*], Accademia Nazionale dei Lincei[*] |
| Pascal Dusapin på Commons | |
Pascal Dusapin (fødd 29. mai 1955) er ein komponist fødd i Nancy i Frankrike. Han er ein av dei best kjende nålevande komponistane frå Frankrike, og verka hans blir oppførte verda over.[1]
Etter forslag frå Franco Donatoni deltok Dusapin på seminar med Iannis Xenakis frå 1974 til 1978.[1] Begge desse komponistane var tydelege inspirasjonskjelder for dei tidlege verka, men snart utvikla han ein eigen stil basert på mikrotonalitet og overlapping av fleire atonale linjer. Dusapin gjer i somme verk òg bruk av arkaisk-klingande skalaer basert på fire tonar innanfor ein perfekt kvint, for eksempel A - B♭ - D- E eller C - D - F - G.[2] I desse skalaene unngår han dur- eller mollkjensle ved å ikkje bruka tersen (derimot oppstår det ofte eit terssprang mellom tonane ovanfor og nedanfor). Melodiane til Dusapin hentar sjølv i instrumentale verk inspirasjon frå menneskestemma[2], og derfor finst det (spesielt i den tidlege perioden) fleire verk for blåseinstrument og strykeinstrument enn for til dømes piano.
Verk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pascal Dusapin» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2012.
- 1 2 "Pascal Dusapin", Sospeso.com
- 1 2 Fransk tekst om Dusapin
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kort biografi, frå ensemblet Sospeso
- Biografi og verkliste Arkivert 2011-05-18 ved Wayback Machine., frå Living Composers Project
- Dan David Prize laureate 2007