Pat Crerand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pat Crerand
Paddycrerand.jpg
Fødd 19. februar 1939
Glasgow
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Patrick Timothy Crerand (fødd 19. februar 1939) er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow som med Manchester United vart FA-cupvinnar, to gongar ligameister og i 1968 vinnar av europacupen. I tida 1961-65 spelte han 16 landskampar for Skottland. Crerand var i alle år ein defensiv midtbanespelar, taklingssterk og med ein presis pasningsfot.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Crerand var Celtic-spelar frå hausten 1957 til han 6. februar 1963 vart overført til Manchester United. Med Celtic spelte han den skotske cupfinalen 1961, ein kamp som enda med tap 0-2 i omkampen mot Dunfermline. Allereie våren 1963 vann Crerand sin fyrste pokal med Manchester United då han var med å vinne FA-cupfinalen mot Leicester City med 3-1. Både i 1965 og 1967 hadde han ei viktig rolle då United lukkast gå til topps i den engelske ligaen. Den 29. mai 1968 kom høgdepunktet for Crerand og Manchester United, klubben vann då europacupfinalenWembley stadion i London med 4-1 over Benfica frå Lisboa. Ved sesongslutt i mai 1971 la han fotballskoa på hylla, etter 304 ligakampar for Manchester United.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Crerand landslagsdebuterte 3. mai 1961. I 1962 var han sterkt delaktig då Skottland vann den britiske landslagsmeisterskapen. Sidan fekk han få landslagsoppdrag og tok på seg den mørkeblå landslagtrøya for 16. og siste gongen 13. oktober 1965 då Skottland tapte 1-2 mot Polen på Hampden Park. Han vart verande utan landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]