Patrick Ortlieb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patrick Ortlieb
Patrick Ortlieb - Gala Nacht des Sports 2010.jpg
Fødd 17. mai 1967
Bregenz
Yrke alpinist, politikar, hotelldirektør
Patrick Ortlieb på Commons

Patrick Ortlieb (fødd 20. mai 1967) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar og politikar frå Bregenz i Vorarlberg. Han vart olympisk meister i utfor i 1992 og verdsmeister i same greina i 1996. Ortlieb var 1999-2002 parlamentsmedlem for FPÖ.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Han fekk sin VM-debut i 1991 og vart nummer sju i utfor, året etter vann OL-gull i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, fem hundredels sekund framom Franck Piccard frå Frankrike. Ved VM 1993 i japanske Morioka kom han på åttandeplass i yndlingsgreina.

Ortlieb vann fire i renn verdscupen i alpine greiner, alle saman i løpet av to år frå midt i desember 1993 til midt i desember 1995. Tre av sigrane kom i utforrenn, ein i super-G.

Etter ein fjerdeplass i OL-utforenLillehammer i 1994, vann Ortlieb ein relativt klar siger i utforrennet ved VM i alpine greiner 1996 i spanske Sierra Nevada. Under alpin-VM 1997 vart han nummer åtte i utfor.

Han la opp etter eit stygt fall under trening til utforrennet 1999 i Hahnenkammrenna i Kitzbühel.

Frå 1999 til 2002 representerte Ortlieb det høgrepopulistiske partiet FPÖ (Austerrikes fridomsparti) i nasjonalrådet (parlamentet) i Austerrike.

Han eig og driv eit luksushotell i Oberlech.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar