Paul Gjesdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Gjesdahl
Pseudonym Pueblo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1893
Død

14. august 1969 (75 år)

Yrke journalist, skribent, omsetjar

Paul Dessen Gjesdahl (22. desember 189314. august 1969) var ein norsk journalist, teaterkritikar, forfattar og omsetjar.[1] Under psevdonymet Pueblo skreiv han treffsikre petitartiklar som vart svært populære, men som òg vekte forarging.

Paul Gjesdahl var fødd i Fredrikshald, no Halden, som son av kapellanen og seinare soknepresten Paul Vinsnes Gjesdahl (1854–1936) og Sofie Johanne Marie Dessen (1855–1930).[2] Han tok examen artium i 1912, studerte ei tid ved Krigsskolen og vart adjunkt-kvalifisert ved Universitetet i Oslo i 1919.

Han var formann i Det Norske Studentersamfund og vart med i Mot Dag i 1921. Gjesdahl var journalist i Dagbladet 1919-30, i Tidens Tegn 1931-37 og Arbeiderbladet 1937-67. Han gav ut eige stoff og omsette samtidslitteratur, m.a. Prosessen av Franz Kafka. Vidare var han styremedlem for Norsk Teater- og Musikkritikerforening, Forfatterforeningens litterære råd (formann 1945–47), formann i Statens teaterråd 1946 og utover, i tida 1946–55 nestformann i Kringkastingsrådet og 1956–64 medlem av Norsk språknemnd.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Eksperimentet (1931). Roman.
  • Tre menn forteller (1935). Noveller.
  • Premierer og portretter (1957). Illustrert av Randi Monsen.
  • Pueblo, Lett blanding (1958).
  • Centralteatrets historie (1964).
  • Petiter og portretter 1920–1930 (1971).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Gjesdahl i Store norske leksikon
  2. Hirsti, Reidar (29. september 2014). «Paul Gjesdahl». Norsk biografisk leksikon (på norsk).