Paul Lassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Lassen
Fødd 3. august 1795
Død

2. september 1885

Yrke prest, politikar

Paul Brodahl Lassen (3. august 17952. september 1885) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Bjelland i Vest-Agder.

Lassen var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1814 og cand. theol. i 1819. Same året vart han personalkapellan i Evje, og i 1821 sokneprest der. Frå 1828 var hans sokneprest i Audnedal. Den lange perioden 1841-80 var han stiftsprost og sokneprest i Kristiansand.

Lassen var 4. representant frå Lister og Mandals amtStortinget 1839, medlem av næringskomite nr 2. Han var ordførar i Audnedal 1838-41 og i Kristiansand i 1845.

Lassen gav ut boka Beretning om stiftsstaden Christianssand, dens fortid og nutid.

Han døydde i Kristiansand i 1885.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914