Peder Næsheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Næsheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1925
Stavanger kommune
Død

25. november 1969 (44 år)
Oslo

Yrke politikar, redaktør, journalist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Peder Næsheim (7. oktober 192525. november 1969) var ein norsk journalist frå Stavanger som representerte Rogaland og ArbeidarpartietStortinget frå 1965 til han døydde.

Næsheim var som til ein grosserar. Han tok eksamen ved Stavanger handelsgymnas i 1945 og arbeidde som bladfyk i avisa 1ste Mai åra 1946-49. Der etter var han redaktør 1949-51 i Hardanger Folkeblad i Odda og 1951-53 i Romsdal Folkeblad i Molde. Sidan arbeidde han atter i 1ste Mai/Rogalands Avis, der han var redaktør 1955-65.

Frå 1956 til 1967 var Næsheim medlem i bystyret i Stavanger, dei fire fyrste åra med sete i formannskapet. Perioden 1956-63 var han formann i den kommunale arbeids- og tiltaksnemnda i byen og 1958-61 formann i byplanrådet. Hausten 1965 vart Næsheim vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Rogaland, medlem i Finanskomiteen. Fire år seinare vart han attvald, men døydde allereie sju veker etter Stortinget var opna i oktober 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]