Pekka Vasala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pekka Vasala
Pekka Vasala 1972.jpg
Fødd 17. april 1948
Riihimäki
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Pekka Vasala på Commons

Pekka Vasala (fødd 17. april 1948) frå Helsingfors er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt på mellomdistansane. Han vart olympiameister på 1500 meter under sommar-OL 1972. Begge dei personlege rekordane; 1.44,5 på 800 m og 3.36,3 på 1500 m oppnådde han i den same OL-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vasala slo gjennom i 1968-sesongen og imponerte særleg på 1500 m, der han forbetra sin personlege rekord til 3.41,8. I den finske meisterskapen fekk han bronse på distansen. Han fekk delta under OL 1968 i Mexico-byen, der han vart utslått i forsøksheatet. Året etter vart han finsk meister på 1500 m og tok bronsen på 800 m. Under EM 1969 kom han på niandeplass på 1500 m.

I 1970 forbetra Vasala dei personlege rekordane på mellomdistansane med høvesvis fire og åtte tidels sekund til 1.49,1 og 3.41,0. Både det året og året etter vart han finsk dobbelmeister på dei to mellomdistansane. Den 1. juli 1971 forbetra Vasala den finske rekorden på 1500 m til 3.38,6 under eit stemne på olympiastadion i Helsingfors, der olympiameisteren Kipchoge Keino frå Kenya vart vist til andreplass. Vasala kvalifiserte seg til finalen på 1500 m då EM 1971 fann stad i heimbyen, men atter kom han i mål som niandemann.

Gjennom 1972-sesongen hadde Vasala stor framgong på begge mellomdistansane. På 800 meter sprang han heilt ned mot verdsrekorden med tida 1.44,5. Det var likevel 1500 m som var spesialdistansen og her imponerte han då han midt i juli månad i Åbo flytta sin finske rekord til 3.36,8, ei tid heilt i verdstoppen. Under den finske meisterskapen deltok han på 800 m og sprang i mål på 1.47,0, heile 2,4 sekundar føre nestemann.

Høgdepunkt for Vasala kom 9. september 1972, då han vann gullmedaljen på 1500 meter under OL 1972 i München framom den førre olympiameisteren på distansen; Kipchoge Keino frå Kenya, med Rod Dixon frå New Zealand på bronseplass. Same dagen, på avslutningsdagen for OL, vann landsmannen Lasse Virén gull på 5 000 meter, så i løpet av ein halvtime kunne finnane juble over to OL-gull. Også Vasala byrja delta på 5000 m, og sette personleg rekord med 13.45,8 i OL-sesongen.

Vasala sin årsbeste på 1500 m i 1974 var på 3.39,4, og han sette same året personleg rekord på 10 000 meter med 29.09,6. Under friidretts-EM i 1974 kom han på sjetteplass på spesialdistansen 1500 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Sonen Samuli Vasala hevda seg i internasjonale tevlingar på 5000 m, vart nummer seks i EM i friidrett 1998 i Budapest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott -71, -72, - 73 og -75. Helsingborg.