Pendéli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pendéli
Πεντέλη
fjell
Land  Hellas
Område Attikí
Høgd 1 109 moh.
Koordinatar 38°04′51″N 25°52′59″EKoordinatar: 38°04′51″N 25°52′59″E
Kart
Pendéli
38°4′53″ N 23°52′57″ E
Wikimedia Commons: Mount Pentelicus

Pendéli (gresk Πεντέλη) eller Pendelikó (gresk Πεντελικό), tidlegare òg kalla Pentelikon, Penteli, Pentele, Pentelikos, Pentelicus, Vrilissos (gresk Βριλησσός) eller Vrilittos (gresk Βριληττός), i mellomalderen Mendeli, er eit fjell nordaust for Aten og sørvest for Marathónas i Hellas. Det har ei høgd på 1 109 moh. og er stort sett dekt av skog. Rundt fjellet finn ein stort sett busette område, særleg i Vrilíssia, Pendéli, Ekáli, Diónysos og nord for Jérakas.

Om fjellet[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan antikken har Pendéli vore kjend for marmoren her, som mellom anna vart nytta til bygginga av Akropolis og andre kjende bygningar i Aten. Det antikke dagbrotet er verna og marmor herfrå vert berre nytta til å reparere dei antikke bygningane i Aten.

Eit kloster ligg midt på fjellet, nordaust for Aten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein skogbrann i juli 1995 øydela store delar av skogen på fjellet og den austlege halvdelen vart bustadområde i Atenområdet. Tre fjerdedelar av fjellsida på Pendéli gjekk med i brannen og det var den verste skogbrannen Aten og Hellas hadde hatt på 1900-talet. Ei rekkje brannar oppstod òg mellom 1998 og 2001, dei fleste var påsette. Som følgje av den store skogbrannen i 1995 vart området Dráfi tre år seinare råka av jordras som blokkerte vegane til området. I seinare år har fleire jordras råka området.

I juni 2007, same dag som skogbrannen starta i Párnitha, vart fjellet igjen råka av ein mindre brann og eit titals hus og eigedomar gjekk med i flammane. I august same år vart fjellet nok ein gong råka av ein storbrann med flammar så høge som 50-60 meter. Opp til hundre bygningar gjekk igjen med i flammane. Igjen vart det rekna med at pyromanar hadde starta brannane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]