Párnitha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Párnitha
Πάρνηθα
fjell
Land  Hellas
Område Nord for Aten
Høgd 1 413 moh.
Koordinatar 38°7′59″N 22°40′59″EKoordinatar: 38°7′59″N 22°40′59″E
Kart
Párnitha
38°10′24″ N 23°43′3″ E
Wikimedia Commons: Parnitha
Skogbrannen i 2007 sett frå aust

Párnitha (gresk Πάρνηθα), stundom kalla Parnes og Parnetha og i eldre tider Parnes eller Parnis, er ei skogkledd fjellkjede nord for Aten i Hellas og den høgaste på halvøya Attikí med 1 413 moh. Den høgaste toppen heiter Karavóla (Καραβόλα). Mykje av fjellet er ein nasjonalpark. Toppen ligg 18 km nord for Akhárnes og 30 km nord for Aten. Fjellet dekkjer eit område på om lag 250 km². Andre toppar er Órnio (Όρνιο - 1 350 m), Aéras (Αέρας - 1 160 m), Avgó (Αβγό - 1 150 m), Xerovoúni (Ξεροβούνι, tyder «tørt fjell» - 1 120 m) og Mavrovoúni (Μαυροβούνι - 1 095 m).

Om fjellet[endre | endre wikiteksten]

Av byar rundt fjellet finn ein Asprópyrgos, Fylí, Akhárnes (Menídi), Varymbómbi, Thrakomakedónes, Dekélia, Avlónas og Ájos Stéfanos, i tillegg til busetnaden Ájos Merkoúrios. Frå toppen kan ein sjå mellom anna fjella Pendéli i aust, Ymittós i søraust og Egáleo i sør, i tillegg til Den thriasiske sletta, Saroniabukta, inkludert øyane Salamína og Éjina og buktene Nord-Évvia-bukta og Sør-Évvia-bukta med øya Évvia på andre sida. Ein kan òg sjå store delar av storbyområdet Aten.

Skogar av gresk gran og aleppofuru dekkjer fjellsidene under tusen meter, og er ofte truga av skogbrann, som i 2005 og 2007. Over tusen meter er det stort sett gras og kratt, og under 300 meter stort sett jordbruksområde og urbane forstader. Ein kan finne om lag tusen planteartar på fjellet, inkludert krokus og tulipanar. Fjellet inneheld òg kronhjort.

Etter den enorme skogbrannen i slutten av juni 2007 forsvann 80 % av dei sjeldne skogane. Forskarar reknar med at det kan ta hundre år før området kjem seg på fote att og at dette kan føre til tyngre luft i Aten og at problema med smog kjem til å auke. Temperaturane kan kome til å stige og flaum kan verte eit problem i fleire år framover.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]